”CAMP BRIMI”
Inspirert av ”71 grader N” og ”Gutta på tur” har vi sett saman eit spennande konsept der vi har lagt vekt på:
- Gode konkurransar og utfordringar
- Flott natur og naturopplevingar
- God mat og mange matinntrykk
- Sæterliv og ”låvepub”
- Kokkekamp med Arne Brimi
Dag 1
Fyrste dagen kjem dykk ca kl 1800 til Brimi. Her blir det informasjon om helga og inndeling i lag. Vi gjennomførar oppdrag 1 og 2. (Dei enkelte oppdraga kan du få ved forespørsel). Fyrste natta bur laga saman i telt. Vi etablerer ”Camp Brimi”. Fyrste kvelden et vi i Røykjestugu. Her blir maten laga over open varme. Vi steikjer biff på steinheller, serverert med godt brød og rømme. Til dessert blir det Arne Brimi si nykomponerte blåbærgryte. Etter maten blir det kaffe og kos rundt bålet ute ved Røykjestugu. Avreise til Camp Brimi. God natt…
Dag 2
Vi vekker dykk og lagar frukost ved bålplassen vår. Egg og bacon blir hovudmenyen her.
Vi pakkar ein lett sekk med klær for heile dagen. Vi går mot vår nybygde ”Steinbu” i fjellet innanfor Brimi (ca 3km). Oppdrag 3. Vel framme ved Steinbua blir det lunsjservering fra bål og steinheller. Vi serverer hjortekarbonader, sideflesk, sennep og eit godt brød. Etterpå lagar vi ein moltedessert ala ”Gutta på tur”. Oppdrag 4 og 5 løyser dykk på tur til Vianvang. Laga sender vi av garde puljevis mot Vianvang. Dei må orientere seg fram på eigen hand. På Vianvang møtar vi Arne Brimi som fortel om Vianvang, draumen som vart verkelegheit. Deltakarene kan sjå seg om på Vianvang før Arne utfordrar laga i ”Kokkekamp”. Sjå oppdrag 6 og 7. Frå Vianvang tar vi oss til Brimi fjellstugu (ca 4 km). Det blir moglegheit for badstugu og eit frisk bad. 200 meter fra Brimi Fjellstugu ligg Brimi Sæter. Vi tek turen dit. På Brimi Sæter har dei tradisjonell sæterdrift med mange slag dyr. Her blir det laga tradisjonelle sæterprodukt i det nye ysteriet, som er bygd slik at publikum kan fylgje heile produksjonsprosessen. Her får døkk oppleve og lære litt om det sæterlivet har å by på.
På Brimi Sæter blir døkk innlosjert på låven, som er nyrestaurert. På same måte som dei gamle sæterhusa, er det her eit rom som blir brukt til det meste; soving, eting og sosialt samvær. Her får døkk bu eit lite døgn!
Etter innlosjering på låven er det klart for sæteraktivitetar. Det er klart for oppdrag 8. Etter vi er ferdige med aktivitetar og sæterstell, er det tid for middag med bl.a. ”Skråppå tå”- ein lokal variant av raclette; smelta ost med mykje godt attåt! Middagen krydrar vi med litt historier frå sætra og folkemusikk, som budeiene var viktige tradisjonsberarar av. Etter middagen er det pub på låven, med god drikke og musikk. Da er det berre å slå ut håret! Så får kvar og ein prøve finne ”sengebåsen” sin når det måtte passe.
Dag 3
Om huldra ikkje vekker deg, vil du etterkvart vakne av kubjølla når kyrne skal inn til mjølking. For dei som er ”mårgåfuglar” er det moglegheit for å delta i mjølkinga og å lokke kyrne ut på beite. ( i sesongen). Om været er bra, et vi frokost ute på tunet. Etter frokost går vi til Tessosen (1,5 km). Eit utruleg vakkerert stykkje av Noreg. Her blir det oppdrag nr 9. og 10. Ved Tessosen tennar vi sjølvsagt bål, og steiker aure i panne. Etterpå blir det eplekake, handpiska krem og kaffe. Så blir det høgtidleg premieutdeling til det laget som har løyst oppdraga best.
Brimi Eventyr organiserar:
- telt
- all mat
- transport av personlig utstyr frå Camp 1 til Brimi Sæter
- drikke
