|
LAKSEFISKAR: Runde fiskar som, laks, aure og røye har to filetar på kvar side av beinet. Ein god måte å filetere på er som fylgjer:
|
1. Start bak hovudet og skjer på skrå nedover, framover mot hovudet, til du kjem til ryggbeinet. Snu å gjer det same på andre side, slik at du får av hovudet.
|
 |
2. Nå ser du kor ryggbeinet går. Legg fisken med den tjukkaste delen til høgre, og sett inn kniven vassrett over ryggbeinet. Her må du "ta i" litt for å koma "i gang".
|
3. La kniven gli mot venstre langs ryggbeinet, mens du held fisken med venstre hand. Snu fisken rundt og gjenta prosessen. Vil fisken gli på fjøla, legg under eit kopphandkle eller tørkepapir.
|
 |
|
4. Ta ein av filetane, og fest kniven under bukbeina med same vinkel som beina. La kniven gli langs beina slik at du får fjerna dei og den kvite "hinna" som ligg utanpå. Dette er ein vanskeleg prosess dei fyrste gongane, men alle lærer undervegs.
|
 |
|
5. Ved å dra handa over fileten, kjenner du at det er ei rad med bein på halve framparten. Bruk ei tang e.l (potetskrellar fungerar også) og dra ut desse beina i same retning som dei ligg i fileten. Dette for å ikkje lage sår i fileten.
|
 |
6. Fjern skinnet ved å lage eit snitt yst ved halepartiet. Legg kniven flatt langs skjerefjøla mellom skinnet og kjøttet. Yt kniven frå deg med høgre hand og dra skinnet i motsett retning med venstre hand (sjå bilde på filetering av torsk). Nå er fileten skinn- og beinfri og klar til tilberedning.
|