Før i tida var setring viktig. Avlinga var ofte dårleg og det vart ofte fôrmangel på vårparten. Derfor var fjellhamna om sommaren viktig, for da fann kyrne den maten dei hadde bruk for sjølve. Fjellgraset var kraftig og næringsrikt.
Gardane hadde stort sett kyr som kalva om våren, slik at når det var mest mjølk kunne dei bruke fjellhamna. Derfor var mesteparten av smøret og osten produsert på setra. Mange gardar hadde både heimseter og høgfjellsseter. Heimsetra låg ofte i skogbandet og vart brukt før beite i høgfjellet var brukbart, og om hausten når det var snautt i høgfjellet.
Lenge var det berre stigar og råk fram til setrane. Einaste måten å frakte alt som skulle vera med var på hesteryggen. Det vart meir og meir slutt på det gamle seterstellet når dei etterkvart kunne køyre mjølka til bygds og ysteriet.
Budeia hadde eit ansvarsfullt arbeid på setra. Ho hadde ein strevsam sommar, men likevel stunda dei til fjells når sommaren kom. Før seterreisa hadde budeia mykje å gjera. Det var ho som måtte pakke mat og klede. Ho fekk med seg hardbrød, spekemat, mårpølse og mjøl. Sengeklede og salt til kyrne måtte dei også ta med. Dei hadde med seg litt smør og ost til dei kom i gang sjølve på setra. Det var også vanleg at budeia gjorde handarbeid til husbondsfolket i løpet av sommaren.
Når dei la på veg til setra kunne budeia ha stor bøling. Dei som ikkje hadde seter sjølve, leigde kyrne sine med andre. Leiga vart betalt drått (smør og ost) etter kor mykje kvar ku kunne mjølka. Mange budeier hadde med seg underbudeie, ei halvvaksen jente. Tida da rovdyrplaga var stor var det vanleg med gjetargut og. Ungar frå 10-års alderen og oppover hadde denne jobben.
Seterstellet
Fjosstellet tok ofte til ved 4-tida om morgonen. Da måtte alt som høyrde til mjølkinga berast til fjoset. Geitene vart mjølka i bytte med hanke og utsleppt med ein gong. Var det gjetargut vart han sendt med geiteflokken. Kyrne vart mjølka i kakk. Mjølka vart sett i koller eller separert. Det var nøye at bjellekua vart løyst fyrst, for da fylgde dei andre kyrne etter henne. Før dei lokka måtte dei få fyra opp under ystepanna. Når gammalbudeia starta lokkinga kunne dei andre ta etter. Før dei gjekk frå kyrne fekk dei litt salt. Etter lokkinga måtte dei starte med mjølkestellet. Det måtte vera ferdig til kyrne kom heim om kvelden.
Mjølkestellet var eit strevsamt arbeid. Mjølka vart sila i tresil med silhår i. Silhåret var bunde av hestetagl eller kurompe. Fyrst på 1900-talet vart det vanleg med blekksilar. Seinare kom det aluminiumssilar med to silplater som ein la eit eingongsfilter mellom.
Før separatoren kom vart den nysila mjølka sett bort i mjølkekoller. Etter eit par dagar hadde rømmen lagt seg på toppen. Rømmen og skummamjølka vart satt til syrning kvar for seg. Da separatoren kom fekk ein skilt rømmen og skummamjølka mens ein var sikker på at mjølka var søt. Mjølka vart separert nysila og var hardt arbeid. Det tok ca ein halvtime å separer 40 liter mjølk. Separatoren vart vanleg fyrst på 1900-talet.
Kinning av rømmen gav smør. Rømmen vart samla og syrna i rumembaren, og kinna til smør. Det var to slags kinner, standkinne og vindkinne. Rømmen skulle vera passe sur og passe varm. For å få rett temperatur brukte dei varmt eller kaldt vatn. Rømmen vart kinna til smøret samla seg i ein stor gul klump som flaut i saupet. Da vart det lagt i smørtrauet, saupet vart elta ut og dei vaska smøret i reint vatn. Siste vatnet skulle vera heilt klart. Smøret vart salta og stappa jamt og fast ned i ei smørbytte. Dei tok 30-35 kg. Smøret var verdifull vare for det kunne omsetjast i pengar eller bytast i andre varer. Smør var omtala som byvare.
Saupet vart innkokt til brim (prim), og sendt heim. Der vart det blanda ut til grutvæske. Det kunne drikkast slik det var, men det gjæra fort. Hadde dei gris på setra fekk han saup.
Ystinga gav ost. Det var både surysting og søtysting. Frå surystinga fekk ein gamalost, skjørost, som hadde vore ysta frå eldgamal tid. Når mjølka i skjørkjørelet var passe sur, vart ho aust opp i ystepanna. Den tok 90 eller 120 liter. Før ystepanna vart det løypt, mjølka skil seg i kjuke og mysu i ein bukjel som stod over varmen i skorsteinen. Når mjølka vart varma opp skilde ho seg i kjuke og surmysu.
Det vart lagt eit sileklede i botn av kjuktroget og kjuka vart aust opp. Kjuketroget hadde eit kryssforma hol i botn slik at mysu rann ut. Silkledet vart knytt saman og hengt opp. Slik hang det til neste dag. Kjuka vart tømd oppi eit trog, og klumpane vart elta seige. Så vart kjuka stappa godt og fast saman i skjørostkølla. På den var det eit kryssforma hol i botn og små hol på sida. Osten gjæra., og når han hadde gått ned att og losna frå kolla vart han kvelvd på ein skjørostbott. (rund trebotn med handtak.) Så hadde dei på stiv surrømme rundt og på toppen, så osten fekk fin skin ,og sette han på ostelinde.
Surmysu vart nytta til mangt. Ho vart kløvja på mysuflasker og sendt heim og brukt til å blande(surmysu og vatn). Det var god tørstedrikk om sommaren. Vart og innkokt til myssmør, som det vart kokt suppe av. Kalvane fekk drikke det og det vart brukt til å skure trekoppar, golv og bord med.
Søtystinga gav kvitost, vart og kalla søtost, og brimost, raudost. Til raudostystinga vart det berre brukt kumjølk eller blanda ku og geitmjølk. Søt separert mjølk vart tømd i ystpanna og varma opp til 37 grader. Så rørte dei i litt løype (magesyre frå spekalvar), sur mjølk trengte ikkje det. Når mjølka løyfte, tok dei søtkjuka opp i osttægja, og klemte ho godt nedi. Tægja var ei rund form fletta av tæg. Tægja med osten vart sett ned i den varme mysu att ei stund for at osten skulle få ei penare skorpe. Om kvelden vart osten teke ut og lagt på osthylla til tørking og modning.
Når kvitostmassa var teke ut, vart mysu sila og tømt oppi ystpanna, og kokt opp. Når frodo (små gule ostklumpar som flaut i mysu) kom tømde dei oppi. Nå skulle det kokast ned. Dette tok fleire timar. Den siste tida måtte ein røre med brimspåddån så det ikkje svidde seg. Brimen vart tømt i ostekister på 2 og 4 kilo. Til ein 4 kg ost gikk det med 40 liter mjølk. Etter nokre dagar vart osten sletta på kantane og teke ut av ostkista. Når raudosten vart seld var det eit mål dei kalla kasser. Ei kasse var 12 stk 4-kilosostar. Anne Hov frå Sør-Fron var fyrste som ysta raudost i 1860-åra.
Geitmjølka var alltid ysta søt, oftast nysilt men ikkje separert. Når det var løyft av berre geitmjølk, vart det kvitost. Til raudost vart ho blanda med kumjølk. Det vart ysta både halvfeit og heilfeit ost. Når halve mjølka var separert og blanda med heilmjølk vart osten halvfeit. Når den løypte mjølka var separert, og all rømmen var tømt i mysu, så var den heilfeit.
Etter at bilvegen kom til setrene, og mjølka vart køyrt til ysteriet, vart mykje av mjølkestellet borte. Men det var framleis mykje tunge lyft. Nå måtte dei bære dei tunge mjølkespanna ut og inn av avkjølinga, og løfte dei på høge mjølkeramper.
Livet på setra
Det var ikkje berre hardt arbeid og lange arbeidsdagar på setra. Når dei hadde fri gjekk budeiene ofte saman og sat med handarbeid. I slåtten var det folksamt og livat på setrane. Da kom tenestefolket frå bygda for å slå graset på kveane. I tillegg til det vanlege arbeidet måtte budeia nå laga mat til slåttkarane. Under slåtten hadde dei mykje artig om kveldane. Folk samla seg og det vart somme tider spelt til dans. Det var eit spesielt samhald på setra, og budeiene hjelpte kvarandre dersom det var noko ekstra. Laurdag var det helgestell, og budeia førebudde seg på at det kanskje kom folk frå garden på besøk. Sundag var kviledag, da skulle alt arbeid liggje, utanom det krytyrstellet som var nødvendig.
Bufordagen
Bufordagen var den dagen dei reiste heim frå setra. Budeia måtte rydde og pakke alt utstyr og mat dei hadde. Men ho hadde støtt att noko til dei som kom til setra gjennom vinteren. Heime venta ekstra stell den dagen budeia kom heim. Det var både god mat og drikke. Budeia vart teke mot som gjest, og æra for det viktige arbeidet ho hadde gjort, som la grunnlaget for å overleva ein kald vinter!


