Brimi Eventyr

Skreddarsydde arrangementer

UTFORSK

Eventyrlege opphald i Brimiland Turar og aktivitetar i Jotunheimen, kulturopplevingar i bygd og landsby

Alle oss i Brimi Eventyr vil gjera opphaldet ditt i Brimiland til ei eventyrleg oppleving.

Brimi Eventyr skreddarsyr arrangement med aktivitetar og matopplevingar for deg og di gruppe. Vi set opp forslag til opplevingar og aktivitetar med utgangspunkt i dykkar ynskjer, kor mange deltakarar, aldersfordeling, og kor stort aktivitets- og utfordringsnivå dykk ynskjer. Utgangspunktet for alle aktivitetar er fjellet og skogen rundt om i Jotunheimen. Her er det uendeleg med moglegheiter.

Og matopplevingar av dei aller beste er sjølvsagde her i dette landet.

Vianvang - gastronomi i Jotunheimen

I Brimiland ligg Arne Brimi sin eigen restaurant; – Vianvang

På Vianvang vil du få oppleva det gode, lange gastronomiske måltidet. Her får du vita mangt og mykje om råvarene, råvarer med identitet, sjå korleis dei vert tillaga til dei mest velsmakande rettar, nyta dette over lang tid med gode vinar og vatn til, få fortald mykje om mat og anna kultur, få høyra ei god historie eller fleir, – og læra litt om deg sjølv og andre.

 

Vianvang er ingen vanleg restaurant, og er berre open på bestilling nokre dagar i året. Arne Brimi er ein raus kokk, og han opnar gjerne for grupper som ynskjer å kome til fjells, og der oppleve gastronomi i Jotunheimen.

I opplegg som Brimi Eventyr skreddarsyr, kan ein gastronomisk kveld på Vianvang vera med, – eit høgdepunkt for mange. En lang kveld med Arne Brimi på Vianvang er ei matoppleving som er vanskeleg å beskrive, den må opplevast!

Ei heilheit

 

 

Aktiviteter

Vatn, fjell, natur – og mat, er alltid utgangspunktet for ein tur her hjå oss, – og alt ligg til rette for dette i Brimiland og i nærområdet. Vi er både stolte og glade over moglegheitene fjellet og naturen gjev oss, og vi nyttar det på ein god måte, – for dykk og oss og naturen.

Rafting i Sjoa eller tur til toppen av Norge, Galdhøpiggen skapar samarbeid, samhald og opplevingar. Ei klatreøkt i BrimiSkogen der ein får kjenna på sin eigen styrke, interessante turar med guide og mykje anna kan vi tilpassa som arrangement for dykk.

 

Rafting i Sjoa er spennande. Her er ein nødt til å samarbeide for å koma trygt i mål, og ein vil garantert kjenne pulsen slå og sveitten renne. Deira base ligg rett ved elva Sjoa, som er kjend for å vere ei av dei beste og mest populære elvane for rafting.

 

Ein tur til toppen av Galdhøpiggen tek omlag 6 timar, og det er alltid eigen førar for trygg vandring over Styggebreen på veg opp dit.

 

BrimiSkogen er mykje brukt til dagsaktivitet og lunsj. Her vil ein kunne klatre frå tre til tre, for i trea rundt om i BrimiSkogen har vi laga ein klatrepark, med mange forskjellige vanskelegheitsgrader.

 

Vel attende i Brimiland etter avslutta tur og aktivitet, står ofte Arne Brimi klar til å lage utelunsj i BrimiSkogen. Mat står i fokus i Brimiland. Vi har ofte forskjellige lagkonkurransar i BrimiSkogen. Kokkekamp rundt bålet til Arne Brimi er ein av dei.

 

Og ein utelunsj rundt bålet med Arne Brimi, etter å ha vore i aktivitet i denne flotte naturen, – slikt gløymer ein ikkje så lett.

Tur til Galdhøpiggen

2469 – dette velkjende, nærast sagnomsuste og himmelhøge talet; – det angjev meter over havet

Det høgaste fjellet i Norge og toppen i Nord-Europa, det er så høgt, – som alle veit, – 2469 meter over havet.

Og i vårt fjellområde, her i Jotunheimen ligg sjølve Galdhøpiggen. Vil dykk ta turen til toppen av Norge, og jamvel koma opp og sjå utover fjellheimen frå den høgaste toppen i Nord-Europa?

 

Dit opp er det ein fantastisk tur å gå saman. Mange firmagrupper og andre grupper vel å ta nettopp denne turen som ein felles fjelltur, og vi kan også leggja til rette for at denne turen kan takast før dykk kjem til oss i Brimiland.

 

Til Galdhøpiggen er det eigen førar heilt til topps, med utgangspunkt frå der dei bratte fjellvegane for bilar sluttar, – enten frå Juvasshytta eller Spiterstulen. Når årstid og vêret ligg til rette for det, har vi ofte turar med førar som guide opp dit om natta, for å sjå soloppgangen frå Norges tak. Å sjå sola renna opp over fjella i synsranda når ein står på toppen av Norge og Nord-Europa, Galdhøpiggen, kan ikkje beskrivast! Ei oppleving for livet, som ein aldri gløymer!

 

Vi reknar omlag seks timar frå du startar frå her og til du er attende i Brimiland.

Overnatting og kvile

Håndplukka overnattingsteder som gir den rette følelsen.

God mat, kvile og historie i alle vegger er med på å gjøre totalopplevelsen riktig. Vi samarbeider med gamle gårdshotell som Gammel-Kleppe, Valbjør og Nordre Ekre. Alle gir et særegent inntrykk, og har mye historie i veggene.
Er dere en større gruppe kan man bo i Lom på det historiske og ærverdige hotellet Fossheim.
For oss er mat og kvile en del av opplevelsen – derfor har vi håndplukket overnattingssteder som gir dette på den rette måten

Andre turar i bygdene og i Lom Nasjonalparklandsby

 

Om nokon i gruppa ikkje ynskjer å gå turen til Galdhøpiggen, eller andre fjellturar, byr vi på mykje anna her i bygdene våre, – Vågå og Lom. I Vågå ligg Norsk Luftsportsenter for hanggliding, og i elva Sjoa er det frisk rafting, om ein vil drista seg til det.

 

”Ein kjem ikkje til fjells på flat veg”. Men for alle som ynskjer å ferdast i låglandet, men likevel i høgfjellsbygdene, og likevel få med seg om fjellet og historia om fjellet, soga om dei som har levd her i tusenvis av år, om dei som har vore pionerar, om dei som har bygd opp for ferdsel i fjellet og mangt anna kring oss; – i Lom Nasjonalparklandsby ligg Norsk Fjellmuseum. Der får du historia. Med utstillingar og guiding, – det er ei messe verd! Og i båe bygdene er det stavkyrkjer, av dei flottaste som finst, og med omvisingar av guidar som kan formidla sin viten. Lom har Bygdemuseum med mange interessante bygningar som i seg sjølve og med sitt innhald fortel mykje soge; – i eitt av husa har Olav den Heilage overnatta! I Lom Nasjonalparklandsby finn ein mellom anna eit Stavkyrkjemuseum rett ved Lom Stavkyrkje, i Lom er Fossheim Steinsenter, fleire særskilte butikkar der ein får kjøpt slikt som ikkje finst på Kjøpesenter, men som ein berre finn i til dømes BrimiBue og Smak i Lom. Bakeriet i Lom er vide kjent for sine bakarverk som brød, bollar og mykje anna.

 

Tek ein turen frå Lom sentrum og opp i Bøverdalen, gjennom Flåklypa og forbi Røisheim, der finn ein Jørgine Boomer-museet, på Galdesand. Med samlingar og soge etter husmannsjenta frå Bøverdalen som vart eigar av Waldorf Astoria i New York. Inntil museet, der er det ei premiesamling som viser kva fjellfolk frå ein liten dal har kunna prestert i idrettssamanheng. Lenger oppe i dalen, inne i sidedalen Leirdalen ligg ærverdige Elvesæter Hotell, – der står Norges Nasjonalmonument, – Sagasøyla. Også kalla Eidsvollsøyla, og som opphavleg var tenkt å verta reist på Eidsvoll Plass utanfor Norges Storting. Sagasøyla er meir enn dobbelt så høg som Monolitten i Vigelandsparken, og fortel Noregssoga med figurar hogde inn i denne søyla, med Harald Hårfagre ridande til hest på toppen.

 

Og hugs, langs allfarvegen her går Norges Matrute, – med svært god mat under vegs.

 

Bygdene her oppe har fostra fleire kjende diktarar, – som Knut Hamsun, Olav Aukrust, Tor Jonsson og andre. Fødeheimane deira er å finna her.
I dal og fjell her oppe har mange diktarar, kunstnarar og andre funne inspirasjon for sine skaparverk; – Henrik Ibsen for sin ”Brand” og ”Peer Gynt”, Henrik Wergeland for ”Spaniolen”, Alf Lundeby og Gustav Wentzel for si kunst på lerret, Vera Henriksen som har henta mange av sine soger frå her, Kjell Aukrust med si Flåklypa frå oppe i Bøverdalen, – og mange fleire kan nemnast.

 

Til tider er det mange store og gilde arrangement her i fjellbygdene for å markera slikt, slikt som “Diktardagar i Lom”, “Flåklypa Grand Prix”, Kulturtilstellingar rundt Olsokfeiring og mykje anna.

 

Så kontakt Brimi Eventyr, og vi legg opp til arrangement til rett tid, med turar som passar for alle, og som alle vil finna si glede i.

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×