Mat og kvile frå
øvste fjellhylle

Brimi Fjellstugu

Brimi Fjellstugu var originalt eit gamalt tømra ystehus. I dag er ystehuset utvikla til ei fjellstugu med historisk sjarm, moderne fasilitetar og med ein rik meny av stuttreiste råvarer.

I helgene på vår og haust, tilbyr Brimi Fjellstugu ferdig samansette pakker med gode opplevingar i samarbeid med andre lokale samarbeidspartar.

På vekedagar både vår og haust tek vi ofte imot firmagrupper som vil til fjells for å kombinere fagleg innhald med mat- og naturopplevingar frå øvste fjellhylle.

Pakker og tilbud

Toppturhelg i ville Jotunheimen med gourmetmat

Ei helg i året – alltid den fyrste i mai, arrangerer vi topptur i det villaste av Jotunheimen. I kombinasjon med mjuke senger og gourmetmat, kan du oppleva vårskituren mot dei aller høgaste toppane.

Velkommen til fjells for mat og kvile sommaren
2024

Med frisk fjelluft, vidt utsyn, god heimelaga mat og mjuke senger ynskjer vi velkomne til fjells og Brimi Fjellstugu. Du finn oss 880 moh i nordenden av Tessevatnet i
Lom kommune.

Helg med utelunsj i BrimiSkogen og besøk på Vianvang

Brimiland byr på opplevingar både ute og inne heile året. Denne pakka gjev deg moglegheit til å besøkje både Fjellstugu, ute bållunsj i BrimiSkogen og tilbringe ein lang kveld på sjølveste Vianvang med Arne Brimi.

Jotunheimen kallar

Unn deg nokre dagar i eit av dei vakraste seterlandskapa i landet – med mat, opplevingar og samvær.

Aldri er Norge vakrere enn i fjellet. Kring Brimi Fjellstugu ruvar mektige høgfjell, og gjev oss menneske ei taus påminning om kor småe vi er.

Brimi fjellstugu ligg på snaufjellet, rett over tregrensa. Lufta er frisk, og sommar- og haustfargene ei praktfull ramme kring den levande seteridyllen fjellstugu er ein del av. I synsranda glitrer Tesse, eit fjellvatn med ørret av beste kvalitet.

Terrenget kring setra er vidstrakt og storslått, samstundes går fjellvandrarar fint til topps på dei næraste 2000-meterstoppane på nokre timar. På Brimi fjellstugu vaknar du i fjellheimen.

Uforgløymelege opplevingar i Brimiland

I nabolaget vårt – kjent som Brimiland – finn du Brimiskogen klatrepark, Brimi Sæter og Arne Brimi sin gourmetrestaurant Vianvang. Vil du oppleve ein kveld i selskap med Arne, så pakker vi gjerne ei komplett helg med kost og losji for deg.

Låg puls og sterke opplevingar