Velkomen til mat og kvile
Bestill pakke vår og høst → Bestill gavekort → Bestill sommer →Unn deg nokre gode dagar i eit av dei vakraste seterlandskapa i landet – med mat, opplevingar og samvær frå øvste fjellhylle.
Aldri er Norge vakrare enn i fjellet. Kring Brimi Fjellstugu ruvar mektige høgfjell, og gjev oss menneske ei taus påminning om kor småe vi er.
Brimi fjellstugu ligg på snaufjellet, rett over tregrensa. Lufta er frisk, og sommar- og haustfargene ei praktfullt ramme kring den levande seteridyllen fjellstugu er del av. I synsranda glitrar Tesse, eit fjellvatn med ørret av beste kvalitet.
Terrenget kring setra er vidstrakt og storslått, samstundes går fjellvandrarar fint til topps på dei næraste 2000-meterstoppane på nokre timar. På Brimi fjellstugu vaknar du i fjellheimen.
I nabolaget vårt – kjent som Brimiland – finn du Brimiskogen klatrepark, Brimi Sæter og Arne Brimi sin gourmetrestaurant Vianvang. Vil du oppleve ein kveld i selskap med Arne, så pakkar vi gjerne ei komplett helg med kost og losji for deg.
Brimiland byr og på unik overnatting og matopplevingar i dei vakre fjellbygdene Vågå og Lom – du finn dei alle bak logoane i botnmenyen her på nettsida.
Brimi fjellstugu var originalt eit gamalt tømra ystehus. I dag er setra utvikla til ei fjellstugu med historisk sjarm, moderne fasilitetar og rik meny med kortreiste råvarer.
Frå starten i ysthuset som vart reist i 1949, er Brimi fjellstugu bygd fint ut fleire gonger. Seinast med ny restaurant, spisesal og resepsjonsområde. Undervegs har vi lagt vekt på å ta vare på tradisjonane, byggestilen og kanskje det viktigaste – personlig service og heimleg atmosfære uttrykt gjennom både vertskap og interiør.
Rundt fjellstugu ligg ei levande setergrend som er i drift heile sommaren, rike fiske- og badevatn og ein klatrepark mynta på både store og små utforskarar.
I helgene på vår og haust, tilbyr Brimi Fjellstugu ferdig samansette pakker med gode opplevingar i samarbeid med andre lokale samarbeidspartar.
På vekedagar både vår og haust tek vi ofte imot firmagrupper som vil til fjells for å kombinere fagleg innhald med mat- og naturopplevingar frå øvste fjellhylle.
Bordbestilling: post@brimi-fjellstugu.no eller telefon 612 39 812.
Fjellhelsing frå Vegard og Eva, Lene, Yngve og Jeanette og Harald Brimi.
Lars Ove er landets fyrste Innanriksminister, er Brimiland sin vaktmeister og som kan alt som har med det å gjera; – dess vanskelegare oppgava er, dess betre tykkjer Lars Ove det er. Lars Ove styrer óg Brimiskogen med Klatreparken, har full kontroll på alt frå guider til bestillingar; – og kan hjelpa folk i Klatreparken ned frå trea om det trengst.
Lars Ove treffer du på mobil 915 66 663.
Ola er gift med Hans Brimi. Ola er murar av yrke, og han har vore byggmeister for dei nye prosjekta på Brimi Sæter. Han har lært seg kunsta å yste ost, og på Brimi Sæter lagar dei mykje framifrå ost som er til sals. På setra kan du fylgja med på heile prosessen gjennom store vindaugo, frå mjølkinga av kyrne til ystinga, og sjå ost til mogning på ostelageret.
Marit er dotter til Ola. I sommarferiane er ho ofte å finne som kafé- og butikkvertinne på Brimi Sæter.
Hans er odelsguten på garden Brimi i Garmo i Lom, med seter her ved Tesse i Brimiland. Han er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim Turisthotell i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. Bestefar til Hans, Hans W. Brimi, var ein vidgjeten felespelar. Denne Hans spelar óg fele, og folkemusikken har alltid vore ein viktig del av seterlivet her.
I 2014 etablerde Hans og Ola ein ny butikk saman med Ola Geilo og Olav Grjotheim; – Smak i Lom som ligg ved Prestfossen i Bøvra i Lom.
Hans Eilev har vore med frå starten av på Vianvang. Hans Eilev gjer alt; – frå snøbrøyting av vegen, til snikring og servering av mat og vin.
Dan Robin er kokk og sunnfjording som kom hit til fjells. Han har snart vore 6 år på Vianvang. Læretida si hadde han på Fossheim Turisthotell i Lom hjå Kristoffer Hovland og Ståle Johansen
Kristina er kokk og kjem frå Lierne. Læretida si hadde ho på Britannia i Trondheim, og kom til oss i mai 2013. Kristina er sjefen for dessertbordet.
Per Ivar har arbeidd på Vianvang sidan 2005, der han nå er kjøkensjef. Læretida si hadde han på Fossheim Turisthotell i Lom frå 1998 – 2000, hjå Arne Brimi.
Kokken vår og fiosofen i Brimiland. Kjent og kjær for veldig mange i Noreg. Eier og driver Vianvang aktivt. Arne treffes på telefon 90502469.
Even er son til Arne. Han er utdanna som sommelier på Kulinarisk Akademi. Utanom å vera vinkelner og servitør på Vianvang, er han til tider også det same på Vaaghals i Bjørvika i Oslo.
Elin har vore på Vianvang i 7 år, og ho er den som ser til at huset er i orden. Elin har kokkefagbrev, og serverar også på Vianvang.
Yngve har idrettsutdanning med hovudfag. Han er gift med dotter til Eva og Vegard Brimi, og valgte framfor idretten å bli den fyrste til å smykka seg med tittelen ”Bål- og Bookingsjef”, ikkje berre her i Brimiland der han har vore det i 10 år, men truleg fyrst i heile Verda. Yngve driver også Brimi Eventyr. Bålsjefen treffes på 41931111.
Harald er son til Eva og Vegard på Brimi Fjellstugu. Harald er eigentleg helikopterpilot, men er nå nede på bakken og har flytta heim for å ta del i arbeidet på Brimi Fjellstugu. Guten er ein pådrivar og entreprenør, så det er stadig nye prosjekt på gang.
Harald treffer du på mobil 982 11 980.
Eva er gift med Vegard og er Fjellstugu si kjende vertinne. Ho står på tidleg og seint, og er ei særs framifrå kokke til å kunne laga og servera heimelaga mat. Og ho kan by på det beste av lokale råvarer. Det er ikkje mange i Norge som kan laga betre sausar enn Eva!
Vegard er oppvaksen på Brimi Fjellstugu som han og Eva og familien driv. Han er jaktkar og ein fjellets mann, og så kunnskapsrik som han er, og med sitt gode lune og mykje løgje på tunga, er Vegard den fødte vert og fylgjesmann på turar i fjellet; – og bautaen i Brimiland.
På kjøkenet Brimi Fjellstugu legg vi vår stoltheit i god, heimelaga mat med røter i tradisjonar frå bygda og seterstell. Råvarene er oftast stuttreiste, gjerne frå lokale ørretvatn, fjellbeite og jaktterreng.
Etter endt dag ute i naturen ventar ferdigdekte bord. Så er det berre å setja seg ned ved ein sprakande peisild i forventing om matopplevingane som skal kome. På kveldane sett vi ofte saman gode 4-retters menyar med utgangspunkt i sesongens råvarer.
I sommarsesongen serverer vi enkle lunsjrettar på dagtid og 3- og 5-retters menyer om kvelden. Spør oss gjerne om ei passande vinpakke til. Du kan oppleve smakar av ørret, rein og rype frå heimfjellet kring fjellstugu.
Vi samarbeidar tett med Arne Brimi, og tilbyr pakkar med opphald på Brimi Fjellstugu toppa med heilaften på gourmetrestauranten Vianvang.
Brimi Fjellstugu byr på mat og kvile til kring 50 gjestar. Du kan sjekke inn på hotellrom, leige eigen hytte eller heile fjellstugu til møter og andre arrangementet.
På Brimi Fjellstugu har alle rom eige bad. Vi husar 10 dobbeltrom, 10 juniorsuitar, 3 eksklusive Fjellsuiter med balkong og badekar (står ferdig 1. juli 2023) og ei frittståane hytte på tunet med tre soverom.
Fellesareala er romslege og stemningsfulle, sofaene er djupe og mjuke og peisen er det stort sett alltid fyr på. Her kan du gjøyme deg bort med ei god bok eller varme deg framfor ein av peisen med noko godt i glaset.
Utsynet er godt, og rett utanfor døra ventar snilt fjellandskap, gode stigar og enkle turmål. Sjølvaste Jotunheimen med sine 2000-meterstoppar ligg som vår næraste nabo. Kvitingskjølen (2064 moh) finn du ein god dagsmarsj unna.
Gjennom Brimi Eventyr skreddersyr vi komplette pakkar med aktivieteter, matopplevingar, fagleg innhald, opphald og transport.
Brimi Fjellstugu har plukka frå øvste hylle, og er stolte av å tilby bærekraftige firmaturer med relasjonsbygging, gode møter og opplevingar for deg og dine kollegaer.
I firmaturane våre har vi samla det beste Brimiland har å by på av stolte mattradisjonar, stor og vakker natur, og levande kultur. Gjerne krydra med rafting, hundekjøring, stisykling eller bre- og toppturar. Alt sydd saman til ei minnerik og eventyrleg oppleving.
Fjellstugu byr på romslege fellesarael og møterom med sjel, toppa med suverent mat- og aktivitetstilbod. Gjerne toppa med festmiddag hos Arne Brimi på Vianvang.
Vi er stolte av det vi har å vise fram, og vi gler oss til å ynskje velkomne!
På Brimi Fjellstugu er drifta like variart som dei fire årstidene kring oss.
Brimi Fjellstugu er velsigna med mange nøgde gjestar som kjem att gong etter gong – og mange nye som kjem til kvart år. Vi oppmodar difor alle besøkande om å bestille opphald i god tid på forhånd – til gjengjeld lovar vi dykk opplevingar å leve lengje på.
Sommar: På Brimi Fjellstugu byr vi alle som ser innom både mat og kvile gjennom hele sommaren.
Haust: I helgene tek vi i mot gjestar som har forhåndsbooka komplette pakkar med mat, kvile og aktiviteter, gjerne i samarbeid med Arne Brimi på Vianvang. I vekedagene tek vi i mot bedriftar som har booka firmaopphald gjennom Brimi Eventyr.
Vinter: Vi opnar for julebord og sosiale lag i november og desember.
Velkomen til fjells!
”Jeg var i Brimiland i helgen, gjest i min søster/svogers feiring.
Er det en drøm at jeg har vært der?? Det var en utrolig opplevelse, fantastisk!. Gjestfriheten hos Vegard på Brimi Fjellstue, på tur med ham lørdag,
på lunsj ute i Brimiskogen med dere alle sammen, og så på Vianvang hos Arne Brimi og hans stab.
Jeg har spist mye god mat tidligere, men dette overgår alt. Det var så veldig veldig veldig godt!!
Ute i «tutaheiti» bortenfor sol og måne, uten et veiskilt – der ligger dere. Verdens beste sted!!
Vi kommer nok tilbake……tusen tusen takk for en uforglemmelig helg. Et minne for livet.
Kikki, Bergen
”Takk for hjelpen nok en gang. Pappa var super fornøyd med oppholdet og sa det var den fineste bursdagsgaven han hadde fått i hele sitt 70 års lange liv!
Anders G, Oslo
”På vegne av alle i reisefølge så vil jeg få takke så mye for en flott adventshelg i Brimiland. Tilbakemeldingene var unisont fantastiske J
Tusen takk til alle involverte.
Frank, markedsjef, Trondheim
For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.
Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.
×