Moderne tradisjonsgastronomi og kvile

Ankomst
Avreise
Rom og gjester
rom voksen barn
Voksen
-
1
+
Barn
-
0
+
Booking kode
Søk

17. mai

På nasjonaldagen kan du reservere deg bord til ein 3-retters meny frå kl. 14.00, til kl. 20.00.
Menyen vår:
  • Fjellaure med mikrogrønt frå Skjåk og norsk asparges
  • Kalv med grilla kål, soppkrem og sjysaus
  • Rabarbra og heggeblomst
Barn kan få halve porsjonar til halv pris.
Ynskjer du å bu hjå oss?  Du kan booke deg rom her!

Feire nasjonaldagen på Norges tak, Galdhøpiggen?

Den populære 17.mai-feiringa startar med felles avgang frå Juvasshytta kl. 10.00. Her trengs ingen påmelding, berre møt opp!  Start dagen med raus frukost på BrimiBue, før du pakkar sekken og skia, og tek til fjells. Juvasshytta ligg ca. 40 minutt frå BrimiBue, beregn god tid.
For oppdatering om veg og føre, sjekk Juvasshytta

Midt i verda

Midt i Nasjonalparklandsbyen Lom, der er du midt i vår draum, midt i eit matrike, midt i verda. I denne verda full av smak og matopplevingar, kan du kjenne deg heime, full av forventningar til fjellheimen rundt oss.

BrimiBue er eit lite hotell med 14 dobbeltrom, som ynskjer å vere ein del av di oppleving av moderne tradisjonsgastronomi på din ferd, din opplevingsreise, ditt arrangement. Slik kan vår verden bli ein liten del av din verden.

Vi gler oss til å sjå deg, velkomen!

 

 

Gastronomi

Om kveldane serverar vi vår kveldsmeny. Ingen av gjestane våre kjenner menyen før dei set seg tilbords. Vi trur at dette gjer kjøkenet betre, sidan kokkane da har meire spelerom med sin kreativitet.

Om sommaren serverar vi i tillegg lunsj på drop-in kvar dag kl. 12.00 – 16.30.

Bur du hjå oss er frukost alltid inkludert. Her vil du få servert eit fat med mest mogleg lokalt pålegg. Vi ynskjer at frukosten på BrimiBue skal vera mest mogleg lik ein god sundagsfrukost heime. Difor ynskjer vi at du bestiller deg bord til frokosten, slik at vi veit når du kjem.

25.04.2024 – 28.04.2023

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – Våren 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!

17.05.2024

17. mai-feiring på BrimiBue

🇳🇴Velkomne på 17. mai-feiring på BrimiBue!🇳🇴

31.10.2024 – 27.11.2024

Matkurshelg med Vianvang og BrimiBue – hausten 2024

Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg tre helger våren 2024, frå torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!