http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Det perfekte måltid

bordÅ lage eit perfekt måltid er for meg å bearbeide råvarane så nær opp til det naturlege som mogleg. Det betyr ikkje at dette er perfekt for deg. Å skape ei atmosfære rundt måltidet er like viktig og kanskje vanskelegare enn sjølve maten. Og akkurat der synes eg dei største utfordringane ligg. For å greie dette trengst kunnskap og tryggleik. Tryggleiken finn eg i filosofien min, Naturens Kjøken. Kunnskap må eg leita etter overalt. Ved å møte folk heime og borte, lesa kokebøker, eller eta mat laga av andre.


Mat er ein fenomenal måte å kommunisera på. Kanskje ynskjer eg å finna grunnleggjande kommunikasjons- element som ein kan bruka med folk rundt måltidet.


Eg ynskjer å eliminere flest mogleg element som gjer at vi rundt bordet, eller i samvær med andre, stengjer oss for mykje av oss sjølve. På Vianvang ynskjer eg at både eg sjølv og folk som kjem, føler den fridomen og tryggleiken slik at vi alle kan ausa av mennesket i oss. Slik kan eg nærma meg "det perfekte måltid".

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------