http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Fiskegryte med skaldyr

I ei slik gryte kan ein bruke mykje godt, og den kan lagast enklare enn dette. Ved å bruke mindre mjøl eller å auke mengda væske i oppskrifta, får du ei god suppe.

4 porsjonar

skalldyrsuppe
50 gr smør
70 gr kveitemjøl
2 stk sjalottlauk, finkutta
5 dl fiskekraft , har du ikkje fiskekraft kan du bruke vatn/eplemost
5 dl mjølk
1 dl fløyte eller rømme
1 ts BRIMI Fiskekrydder med fennikel
1 stk brokkoli
2 stk gulrot
1/2 stk purrelauk
1 stk fennikel
salt
BRIMI Kvit pepar
400 gr fiskefilét (laks, steinbit, breiflabb e.l)
50 gr blåskjel , reinsa
50 gr reker , reinsa

Fres sjalottlauken i smøret til den blir blank. Ha i mjølet. Spe med kraft( vatn/eplemost) og mjølk. La så gryta småkoke ca.15 minutt. Ha eventuelt i Brimi Fiskekrydder nå. Grønsakene kuttar du i passe store terningar. Dei treng forskjellig koketid. Gulrot og fennikel treng lengst tid. La dei koke med ca 10 minutt. Ha så i fløyte/rømme, brokkoli, purre og fiskefileten. Hald gryta på kokepunktet til fisken er gjennomtrekt, ca 5 minutt. Reker, blåskjel og eventuelt finhakka, friske urter, rører du inn like før servering. Server med ein frisk salat.

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------