Omnsbakt laks med blomkålpuré og poteter bakt i olje
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Forvarm omn til 180 grader. Tørk fileten godt og skrap bort skjella på skinnet. Du kan eventuelt ta av skinnet. (Det gjer ein ved å leggje fileten med skinnet ned. Ta ein filetkniv og skjer langs skinnet frå bakparten og framover.) Del fileten i passe stykke. Brun den i ei god panne. Varm panna godt opp. Ha i klara smør eller olje, krydre fisken og legg han (med kjøtsida ned) i panna. La fisken få fin og brun farge. Snu og steik vidare med skinnsida ned i 1-2 minutt. Set på brett i omn med skinnsida opp i 3- 4 minutt. Steikjer ein laks for mykje , blir den tørr. På mange restaurantar i dag serverar dei ofte laks "medium steikt". Da blir den mykje saftigare. Du kan òg bake laks i omn utan å brune den fyrst, gjerne berre på 120 grader i 8-10 minutt. Da blir den saftig. Vask potetene. Er det nypoteter, treng ein ikkje skrelle dei. Skjer dei i tynne skiver og vend dei i olje saman med sjalottlauken, salt og pepar. Bak dei i omn på 180 grader i ei eldfast form til potetene er møre (ca 20 minutt). Del blomkål i passe bukettar, og kok dei litt meir enn møre i ei blanding av vatn og mjølk. Sil av blomkålen og kjør desse saman med fløyte og smør i ei kjøkenmaskin. Spe og med noko av/all krafta du kokte dei i, fiskekraft eller eplemost til passe konsistens. Smak til med salt og pepar. Sausen blir ekstra luftig dersom ein rører inn litt lettpiska krem før ein serverar. Det er nok med ca 1 dl. Dette gjer ein lett for hand. TIPS: Ein slik puré - saus er enkel å laga, og ein kan lage det av dei fleste grønsaker. Forslag til grønsaker du kan lage av; paprika, brokkoli, spinat, erter, persillerot, sellerirot, jordskokk. Slike susar kan ein og bruke kalde. Da kan ein gjerne spe med olje i staden for fløyte. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||

