Idè og draum
Brimiland er ein idè som har vakse fram ut av Vegard sin lange erfaring som turistvert, samt Arne sin filosofi innan mat og matkultur.
Brimiland er ikkje tenkt som noko "turistmaskin". Vi ynskjer å invitera deg, eller di gruppe til uformellt samvær i fjellet, til å delta på ulike aktivitetar, samt dela natur og smaks-opplevingar saman.
"Oss ynskjer ikkje å vera større enn at oss kan ta vare på den personlege kontakta, men samtidig vera proffesjonelle i det oss gjer".
Bilde: hovudaktørane i Brimiland: Eva og Vegar Brimi - vertskap på Brimi Fjellstugu, samt Arne Brimi, med sitt Vianvang.
