1  svinehovud
2  laukar
8  heile nellik
ca.15 stk  Brimi heil pepar
ca.15  heile allehånde
2  laurbærblad
vatn så det dekkjer
2 ts  salt pr. l vatn
2 ts  gelatinpulver eller 5-6 gelatinplater
hovudsylte

Del hovudet i to og vask det godt. La det liggje i vatn natta over.
Legg det delte hovudet i ein kjele. Fyll på kaldt vatn så det så vidt dekkjer. Kok opp, og skum. Tilset krydder og lauk skoren i båtar. La hovudet koke i 2,5 time. Skum av under kokinga.

Plukk hovudet reint for kjøt. Pass på så ikkje brusk og itlar blir med i sylta. Vri opp eit bomullsklede i kaldt vatn. Legg det i ein vid, rund bolle. Dekk botn og sider av forma med svor. Spar noko av svoren til toppen. Legg kjøt og flesk lagvis. Strø gelatinpulver eller oppklipte gelatinplater mellom laga. Dekk til slutt til med svor, og knyt kledet fast og jamt rundt sylta med ein bomullstråd. Legg sylta attende i kokevatnet og la ho få eit kort oppkok. Ta ho opp og la ho kvile eit kvarters tid før du legg ho i press.

Bruk syltepresse eller legg sylta mellom to spekefjøler. Legg eit lett press til å begynne med, og auk presset etter kvart, men ikkje meir enn 5-6 kg. La sylta liggje i press 1 døgn.

space

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------