Ein kan bruke tunge frå andre dyr òg. Tunge er ikkje så mykje brukt, men dei fleste likar det når ein serverar det på denne måten!

 

4 porsjonar

kalvetunge
1 stk kalvetunge
10 dl vatn
2 ts salt
5 stk BRIMI Kvit pepar
2 stk gulrot
1 stk purrelauk , liten
1 stk sellerirot, liten
2 stk lauk
100 gr smør , usalta
6 ss kveitemjøl
2 dl mjølk
salt
BRIMI Svart pepar, nykverna
persille , rikeleg
2 ts BRIMI Kjøt og suppekrydder(kan sløyfast)

Vask tunga og legg ho i ein kjel med vatn. Kok opp, skum av og ha i salt og pepar. La det koke vidare i om lag 1 time.

Vask grønsakene godt, skrell dei og la skrellet koke med i kjelen. skjer lauken i båtar og resten av grønsakene i terningar. Ta tunga ut etter ein time, flekk av skinnet på tunga.

Lag jemning av smør og mjøl. Spe jamninga med mjølk og kokevatn (kraft) til ein passande tjukk saus. Ha grønsakene i sausekjelen og la dei trekkje møre. Smak til med salt og pepar og eventuelt BRIMI krydder. Ha i rikeleg med finkutta persille like før servering. Skjer tunga i pene skiver og server med saus og grønsaker.

space

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------