Min draum

Det perfekte måltid:

"Å lage eit perfekt måltid er for meg å bearbeide råvarene så nær opp til det naturlege som mogleg."
Den største utfordringa ein kokk kan få:

"Naturen gjev lov og set grenser. Vi må slutte å utfordre naturens grenser."

"Eg hadde eit bilete for mitt indre auge, Vianvang."
Gjennom tid har idèen om ein plass utvikla seg, først for mitt indre auga, nå realisert som Vianvang. Tufta på ideologien i Naturens Kjøken, skal dette vera ein plass for formidling av mat, kultur og historie i nærkontakt med naturen rundt, men med perspektiv ut over grenser, fysisk og mentalt.

På Vianvang skal du kunne oppleva det gode måltidet, læra litt med deg sjøl og andre.

For meg symboliserer Vianvang dei ubrotne linene i norsk kultur frå dei som var avhengige av det naturen gav, heilt attende til steinalderbusetjing. Til tross for dette ser eg inga motsetning i også å bruke råvarer og kunnskap frå andre land, spesiellt Europa.

Vianvang skal formidle og vidareføre kunnskap om vår kulturarv til oss som lever i dag. Målet mitt er at dei som gjestar Vianvang skal vera mette, tilfredse og litt meir audmjuke enn da dei kom

lian-brimi

gml-utstyr

utelunch

ovn-ute

.