Den største utfordringa

speketallerkenDen største utfordringa ein kokk kan få.
Naturen gjev lov og set grenser. Vi må slutte å utfordre naturens grenser. Som kokk kan eg ikkje gjeva meg sjølv fridom overfor råvara. Det er ikkje eg som skal stå i fokus, men eg kan bruke meg sjølv til å få fram eit budskap, ei meining. Det skal ikkje vera motsetning i dette, det skal væra ærleg, både mot folk og råvarer og ikkje minst naturen.

Mykje rundt oss har gått for langt. I mitt daglege arbeid, er det fullt av eksempel på det. Derfor går mi utvikling meir og meir mot det primitive. Fjerne alt overflødig og koma til basisen, bålet. Eit godt bål, deg sjølv og gode råvarer. Kan ein kokk få større utfordring? Vi må lære oss dei nøysomme, vage smakane og kvalitetane.

Vi må lære oss at smak ikkje kan lagast av mange ingidiensar. Ein matrett er ikkje perfekt før det ikkje finst fleire ting å ta bort. God smak skal kjennast naturleg og gå i ei klar retning. Greier du ikkje det med 2-3 smaksforsterkarar, greier du det ikkje med mange.

Eg vil attende til bålet, med dei begrensningane og moglegheitene det gjev. Da kan eg finne ny utfordring i kjøkenet. Kvar det blir av mitt perfekte måltid? Det finns mange, fleir av dei ved bålet. Eg ynskjer å skape det perfekte måltid kvar dag, men å ynskje er kanskje ikkje det same som å greie det?

I mellomtida er det vel egentleg nok å ha som målsetting det å gle andre. Ved eit bål, eller ved eit bord på Vianvang.