Klippfisk er salta og tørka fisk, ofte torsk. Det er fyrst og fremst eit eksportprodukt. Klippfisk er hovudråvare i Bacalao som dei fleste kjenner til. Her er ei enkel oppskrift som ein kan lage på hytta eller over open varme.

6 porsjonar

1 kg klippfisk , beinfri og utvatna
6 stk poteter
3 stk lauk
5 dl Noilly Prat (tørr vermut) eller vatn
3 dl rømme
2 ss grov sennep

Når du vatnar ut klippfisk, bør den liggje i ei balje med mykje vatn i minst 24 timar. Skift vatnet to gonger. Vask og del poteter og lauk i båtar. Legg dette i ein kjele. Legg fiskestykka over. Slå i vin eller vatn. Kok under lokk til potetene er møre. Ha i rømme, smak til med sennep, og maten er klar. Fennikel, rotselleri og gulrot er også godt i gryta.

space

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------