4 porsjonar

1 stk torsk 1000g i skiver
lever
rogn

Kokevatn:
Vatn
1/2  dl  salt pr liter vatn
1     ts  eddik pr liter vatn

torsk

Koking av lever
1     dl vatn
lever
1/2   ts salt
1/2   ts kvernet svart pepar
1 ss  finhakka lauk
1/2   laurbærblad

Legg fiskeskivene i rennande kaldt vatn nokre minutt før dei skal trekkast i kokande vatn tilsatt salt og eddik i 7 - 10 minutt. Server skivene på ein serviett saman med lever, rogn, og kokte poteter. Sitronbåtar og persillesmør.
Rogn vaskast og rensast for blod i årane, pakk den så inn i matpapir og trekkast i fiskekokevatnet i 20 - 30 minutt alt etter størelse.
Lever: alle hinner på levera fjernast før den delast opp i terningar på 10 -15 mm. Legg dei i ein kjele med litt kaldt vatn, salt, pepar, lauk og laurbærblad. Kok levera opp til kokepunktet og trekk den til side og skum godt. La den trekkje eit par min før den er ferdig.

Persillesmør:
200 g smør
3 ss persille

Smelt smør, tilsett finhakka persille.

space

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------