|
Legg fiskeskivene i rennande kaldt vatn nokre minutt før dei skal trekkast i kokande vatn tilsatt salt og eddik i 7 - 10 minutt. Server skivene på ein serviett saman med lever, rogn, og kokte poteter. Sitronbåtar og persillesmør. Rogn vaskast og rensast for blod i årane, pakk den så inn i matpapir og trekkast i fiskekokevatnet i 20 - 30 minutt alt etter størelse. Lever: alle hinner på levera fjernast før den delast opp i terningar på 10 -15 mm. Legg dei i ein kjele med litt kaldt vatn, salt, pepar, lauk og laurbærblad. Kok levera opp til kokepunktet og trekk den til side og skum godt. La den trekkje eit par min før den er ferdig.
|