http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Okserull

Bruk slagsida, og du får ein stor fin rull. Urter og krydder kan du sjølv velja, men eg foreslår: rulleskinn av slagside, ca. 800 gram.

500 g oksekjøt av side eller liknande
1 lauk i skiver
1 ½ ts pepar
1 ss salt
3 ts gelatinpulver eller 3 gelatinplater
1 ts rosmarin
1 ts timian

Tips: I staden for rosmarin og timian kan du prøve Brimi kjøt-og suppekrydder.

okserull

Skjer slagsida i ein pen firkant. Bruk avskjeret til fyll saman med oksekjøt skore i strimlar. Legg kjøt og krydder lagvis. Rull fast og jamt saman. Lag rullen vidare som vanleg lammerull.

Røykt lammerull
Bruk same oppskrift og framgangsmåte som til vanleg lammerull. Etter at rullen er surra og har fått liggje i kjøleskåp eit døgn for å trekkje, dekkjer du han med grovt salt. La han liggje i eit døgn. Få slaktaren til å kaldrøykje han for deg. Kok og press røykt lammerull på same måten som vanleg lammerull.

Lammerull med tørka solbærblad
Bruk same framgangsmåten som til vanleg rull, men krydre han med:
2 ss salt
1 ts sukker
1 ts nykverna Brimi svart pepar, heil
2 ts gelatinpulver eller 2 gelatinplater
2 ss finhakka purre
rikeleg med tørka solbærblad

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------