http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Smørdamping og smørsteiking

Smørdamping
Kok opp vatn, ha i smør og smak til med salt. Vatnet treng ikkje dekkje grønsakane dersom du brukar lokk. Grønsaker treng forskjellig koketid ettersom type grønsak og korleis dei er kutta opp. Vi brukar smør i vatnet av fleire grunnar. Smøret gjev  betre  smak  på kokte grønsakar, som ofte kan vere smaklause. Dei held seg lenger e varme på grunn av feittet i smøret. Dei blir blanke og finare å sjå på. Sil godt av vatnet før servering. Dette er god kraft som ein kan bruke i for eksempel saus.

utstyr_felles


Smørsteiking
Å steikje i smør er vanskeleg fordi det blir fort brent. Derfor må ein passe på at panna blir passe varm. Smelt godt med smør i ei god panne. Når smøret sluttar å "frese" og byrjar å bli brunt er det passe varmt. Prøv å halde temperaturen der. Ha i det du skal steikje. Nå er det opp til deg å passe på at smøret og maten ikkje blir brent. Dersom ein brukar klara smør, tålar den noko høgare temperatur fordi ein får bort dei stoffa som blir fyrst brent.

Ein kan og begynne med olje og ha i smør mot slutten av steiketida for å få den gode smaken som berre smør gjev.

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------