http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

GUDBRANDSDALSOST

Det er få ting som har hatt så mykje å seia for primærnæringa i Gudbrandsdalen som oppfinninga av Gudbrandsdalsosten. Nær sagt alle Iikar han og brukar han. Han er sjølvsagt å finna på dei fleste frokost- og kveldsmatbord i alIe heimar, og for nokre år sidan vart han kåra til det mest norske vi har.

Det var i 1863 at Gudbrandsdals-osten vart laga fyrste gongen. Bak meisterverket sto det ei budeie som heitte Anne Hov. Ho var budeie for far sin på Solbråsætra på Valsæter i Fronsfjellet. Ofte er det tilfeldigheiter som gjer at ein finn opp gode, nye produkt. Men slik eg har lært historia, tyder det på at ho Anne Hov hadde tenkt nøye igjennom saka før ho prøvde. Ho spurde far sin om ho kunne få lage ein ny og betre ost. Osten, som er ein feitost, vart laga på den måten at ho i ei jarngryte kokte inn søt myse med den fløyten som høyrde mysua til.

Sakte koking, og under stadig omrøring, slik at osten fekk den konsistensen og farga og den karakteristiske karamellsmaken, som vi kjenner så godt. Deretter vart han arbeidd kald og stappa i former.

Noko vidare skjedde eigentleg ikkje med Gudbrandsdalsosten, eller feitmysuosten, før fleire år seinare. Da var ho Anne Hov gift med Tor Hov, og dei hadde flytt til ein gard på Nord-Fron som heitte Rusthage. Den tida leverte dei mjølka til ysteriet i Ruste, og prisen på mjølk var låg når dei selde dit. Men det verste av alt var den lange frakta til ysteriet med mjølka.

brunost


Ho fortel at ein tidleg morgon da mjølka sto ferdig på sleden og skulle køyrast av stad til ysteriet, vart hesten brått skremd og flaug ut og velta alle mjølkespanna, og mjølka rann ut. Da vart ho harm, og kom så i hug den feitosten som ho ein gong laga på sætra. Ho kom på at det måtte gå an å lage noko av mjølka heime, slik at ein slapp å senda den til ysteriet. Da ho prøvde å lage osten att, blanda ho i lite geitemjølk au. Og osten vart så god at da ein kjøpmann i bygda, som heitte Ole Kongsli, smaka på osten, sa han at dersom ho ville lage osten, så skulle han selgja. Ole Kongsli hadde kontakter i byen, og etter kvart gjekk det fleire og fleire ostlass innover til byen.

Betydninga av Gudbrandsdalsosten og oppfinninga av den kom fyrst i 1870-åra. Den tida var det store drifter med kornlass over fjellet, og rett etter midten av 1800-talet for det jamt tusen hestar i året med kornlass den vegen. Men etter kvart kom det billigare korn frå andre land på marknaden. Østerdalsbana kom, og kornet frå Gudbrandsdalen vart utkonkurrert - noko som skapte ei økonomisk krise for jordbruket i dalen. Det førde til ei enda større vekt på husdyrhaldet, og produksjon av smør og ost og kjøt kom i staden for kornhandelen.
Det var da at Gudbrandsdalsosten verkeleg vart berginga. Så sjølv om folk den gongen au var kritiske til det som var nytt, så byrja fleire og fleire å yste og selgja denne osten. Ei tid fekk dei like god pris for Gudbrandsdalsosten som for smør. Og når ein lagar smør, treng ein ei mykje større mengde med mjølk enn til tilsvarande osteproduksjon.

Kjært barn har mange namn. Her i Gudbrandsdalen kallar vi osten Raudost etter farga. Andre plassar i landet, og særleg i Austlandsområdet, heiter osten Geitost, men det er ikkje heilt rett, fordi det er berre lite geitmjølk i han. Og utover landet har han sikkert mange andre namn.
Men opphavleg er han altså frå Valsætra i Fronsfjellet, født i året 1863.

Vi har ein lang og fin tradisjon i å bruke denne osten. Ikkje berre på matbordet; det er òg svært vanleg å bruke nokre skiver med Gudbrandsdalsost i ein god saus, særleg til vilt. Og det er au ein heil del andre ting ein kan bruke denne osten til. Sidan Gudbrandsdalsosten har hatt ei så sentral stilling i næringsgrunnlaget og framleis har det, er det naturleg å ha med nokre retter med nasjonalosten vår.

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------