|
Ishavsrøye er eit nytt, positivt råvaretilskot som har vore tilgjengeleg for dei fleste kjøken dei siste åra. Mange plassar i landet har fine røyevatn og lange tradisjonar i bruk av stor, fin røye. Nå er ikkje fjellrøye og ishavsrøye det same. Sistnemnde er eit oppdrettsprodukt med svært fin og jamn kvalitet. Dei oppdrettarane eg har vorte kjend med, driv næringa si svært seriøst og i pakt med min filosofi, Naturens Kjøken.
|
|
Ishavsrøya er ikkje så feit som oppdretta laks og aure, og kan i kvalitet samanliknast med sitt ville opphav.
Ishavsrøye blir omsatt heile året og veg normalt inntil 1 kg. Den registrerte rekorden er på heile 13 kg. Vi finn den i dei arktiske områda frå Alaska over Grønland til Nord-Norge og vidare til Sibir. Den har etterkvart fått ein god plass i det Norske kjøken og i år 2000 var ishavsrøya så etterspurt at industrien ikkje greidde å produsere nok. Ishavsrøye har mange bruksområde. Den eignar seg godt til røyking, graving, damping, steikt i panne og bakt i omn.
|
 |
|
Ishavsrøye er sunt. Den inneheld mykje Omega 3-feittsyrer og er rik på vitaminene A, D og B 12.
Dampa ishavsrøye på grønsakseng i sjy Til 2-3 personar (som forrett til 6 personar)
- 3 poteter
- 1 nepe
- 1 gulrot
- 80 g friske sjampinjongar
- litt strimla savoykål, kinakål eller friske spinatblad
- 5 dl vatn
- salt
- BRIMI Svart pepar, heil nykverna
- 2 ts BRIMI Fiskekerydder med fennikel
- 400 g skinn- og beinfri røyefilet
Skrell og skjer potetene og grønsakene i skiver. Kok opp vatnet, legg i rotgrønsakene og potetene. La dei koke utan lok til dei er møre. Legg i sopp, savoykål og krydder. Smak til med salt og pepar. Damp røyefiletane over lettsalta vatn, i om lag 4 minutt.
Fordel grønsakene og sjyen på 2-3 varme tallerkar. Legg på røyefiletane. Server med gode poteter.
Omnsbakt ishavsrøye med kremstua lauk og sopp Denne retten kan òg brukast med andre fiskeslag som laks, steinbit, sei og breiflabb. Til 4 personar
- 2 lauk
- 1 ss klara smør
- 1 dl Noilly Prat (kan sløyfast)
- 3 dl kremfløyte
- 150 g frisk sopp, gjerne steinsopp eller beitesjampinjong (om ikkje villsopp finst, bruk fersk sjampinjong)
- 2 ts BRIMI Fiskekerydder med ringblome
- salt
- BRIMI Kvit pepar, heil nykverna
- 600 g beinfri røyefilet med skinn
- poteter
Kremstua lauk og sopp: Reins lauken og skjer han i små båtar. Fres han blank i litt klara smør. Slå i vinen, la det koke nesten inn. Ha i fløyten og la det koke i 5-6 minutt. Legg i soppen og la han koke med i 2-3 minutt. Rør inn fiskekrydder. Smak til.
Fisken: Legg fiskefiletane med skinnsida opp på smurt brett. Set i steikjeomn på 180°C i 4-5 minutt. Ta han ut dra av skinnet og server på tallerken oppå kremstuingen. Server med kokte poteter.
Tips: For dei som har ei malurtbuske i hagen, kan ein ta nokre blad og gni lett i kjelen som kremstuingen vert laga i, da kan vinen sløyfast.
|