http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

SEIBIFF

Utvalget av fisk frå saltvatn i innlandet avgrensa seg sjølv, for tilgangen på gode råvarer var ikkje den beste. Men da distribusjonen av fisk frå Vestlandet vart betra med heilårsvegen over Strynsfjellet på slutten av 1970-talet, kunne vi óg betre nytte ressursane frå andre sida av fjellet.

Heime gjekk det i våre eigne ferskvassfiskar, harr og aure. Med Vågåvatnet rett utafor døra hadde eg mange timar i sommarhalvåret etter fisken, og etter kvart som eg voks til, vart det vanleg med turar til fjells etter den enda meir ettertrakta fjellauren.

Spekesild med raudbeter, lauk og poteter, og kanskje med anna tilbehøyr, kjenner vel dei fleste som ei delikatesse i dag. Før var det nok ikkje slik, da var ofte spekesilda rekna som fattigmannskost til å overleva på. Sjølv har eg alltid likt sild, berre eg slapp å reinse ho, og silda var ofte på matbordet.

Seibiff var heller ikkje så reint sjeldan på bordet heime. Seibiff med lauk, ein tradisjonsrik, fin rett som er vanskeleg å få kjøpt i dag.

Til 4 personar
600 g seifilet utan skinn og bein
2 ss mjøl
salt
BRIMI Kvit pepar, nykverna
3-4 laukar
klara smør til steiking

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------