EDDIKAR MED BÆR OG URTER
![]() |
Både i mitt eige kjøken, i arbeid og på hytta, brukar eg ein del eddikar. Desse lagar eg sjølv av ymse ting som veks vilt i naturen rundt meg, eller eg dyrkar dei sjølv. Eg brukar dei gjerne i salatar, som krydder i gryter og sausar, og til graving og marinering. For meg er det heilt vesentleg å bruke av dei naturlege ressursane som eg dagleg har rundt meg, når eg skal presentere meg sjølv gjennom dei rettene som blir servert ut frå mitt kjøken. Slik au med dei eddikane som blir brukt. |
Naturen er full av aromatiske urter og blomar som er ypparlege å laga gode eddiker av. Vekster som greier å bera fram frukter i det etter måten karrige klimaet, har gjerne meir smak enn liknande ting frå varmare land.
VINEDDIK MED VILLBRING
Mykje av den utsøkte aromaen i villbring kan ein ta vare på i en fin eddik.
- 200 g villbring
- 8 dl kvitvinseddik 6 %
- 2 dl kvitvin, tørr
Legg godt reinska bringebær på eit rundt glas. Fyll opp med kvitvinseddik og kvitvin. Glaset må vera heilt fullt. Set tett lokk på, og set glaset på ein mørk, kjølig plass.
Etter 3-4 veker har aromaen i bæra blanda seg godt i eddiken. Sil da av bæra for å unngå steinsmak på eddiken. Set på nytt tett glas. Eddiken er haldbar.
EDDIK AV ANNA BÆR
Elles er bær som solbær, markjordbær, nype og villrips fine å laga eddik på. Tyting eignar seg ikkje så godt, fordi den syrlege karakteristiske smaken kjem betre til sin rett i andre bruksområde som t.d. likør.
EINERBÆREDDIK
- 1 ½ dl knuste einerbær
- 8 ½ dl kvitvinseddik
Varm 2 dl av eddiken til kokepunktet. Slå han over bæra, avkjøl, men ikkje rør. Bland det med resten av eddiken på tett flaske eller glas. La eddiken stå i 2 veker før bruk.
Einerbæreddiker fin til ein mild marinade på t.d. hare, som ofte kan vera stram i smaken, men og i haustlege grøne salatar.
SOLBÆRBLADEDDIK
- 3 dl strimla solbærblad
- 1 dl kvitvinseddik
Varm 2 dl av eddiken til kokepunktet og slå han på solbærblada, og la det bli kaldt. Bland i resten av eddiken, og fyll på glas. Må stå i 3 veker før bruk.
Brukast forsiktig i lake til koking av t.d. solbærtrekt pære (som tyttebærpære) eller salatdressing, eller i sjy på kramsfugl.
KVITVINSEDDIK MED HEGGJEBLOM
Plukk heggjeblomen den dagen han spring, for å få konservert det beste av smak og duft.
Fyll eit glas med heggjeblom. Slå på 4 delar eddik og 1 del kvitvin. Må stå i 2-4 veker før bruk, og oppbevarast kjølig og mørkt.
Er ein nøye med denne, vil ein føle både heggjeblomdufta og ¿smaken om eddiken blir brukt i ein salatdressing, t.d. med friskpressa appelsinjuice og olivenolje.
EPLEBLOMEDDIK
Framgangsmåten kan brukast på fleire typar blomar med sterk lukt. Epleblom, om ein vil ofre det til eit glas med eddik, er jælma godt.
RAUDKLØVEREDDIK
Ein annan godeddik får ein av raudkløverblom. Raudkløveren har òg ein naturleg søtsmak som kjem godt til sin rett på ein eddik. Den beste raudkløveren er den som ikkje veks for tett og blømer litt utpå sommaren.
EDDIK MED URTER
Dette er au eit tema som kan varierast nesten i det uendelege, og ei mengd urter kan vi ta av. Men det er noko med smak, behag og begrensing.
FJELLBJØRKEBLADEDDIK
Blada gjev best aroma når dei er nyutsprungne.
- 3 dl hakka fjellbjørkblad
- 7 dl kvitvinseddik
Varm 2 dl av eddiken til kokepunktet. Hell eddiken over dei hakka blada, rør han kald t.d. i miksar. Bland dette med resten av eddiken på ei flaske. Må stå i 3 veker før han kan brukast. Eddiken er fin i salatdressing med olje og litt sukker.
PEPARMYNTEEDDIK
- 2 ½ dl hakka peparmynte
- 7 ½ dl kvitvinseddik
Varm eddiken og slå han over peparmynta, rør til det er avkjølt. Bland med resten av eddiken og fyll på glas/flaske. Er klar til bruk etter 2 veker.
Passar fint i dressing på vilt med vage smaksnyansar, på ein forrett, som på graven reinsdyrfilet eller rosasteikt rypebryst. Framhevar smaken på ein lett isande måte.
Elles kan ein variere etter eigen smak, grunnprinsippa er nokså like, men alt må vera godt vaska og reinska, elles blir eddiken grumsete.

