POTETER
| Poteter kan lagast til og brukast i eit utal variantar. Tradisjonelt har vi nordmenn kokte poteter til middagsmaten, variasjonane har vore få. Gjennom vekeblada har nye tillagingsmåtar nådd oss, og etter kvart har vi vorte kjende med mange ulike potetretter. | ![]() |
Har ein tilgang på gode poteter, vil eg halde fast på at koking er det beste. Til dagleg skal vi koke potetene med skalet på. Da vil ikkje viktige næringsstoff gå tapt. Ei vanleg kokt potet er så å seia fri for feitt og gjev dermed lite energi. For den som tenkjer kaloriar, kan det vera greitt å veta.
DUCHESSEPOTETER
Til 7-8 personar:
- 1 kg poteter
- 3-4 egg
- salt
- timian
- 3-4 ss kremfløyte
Skrell potetene og kok dei. Mal eller mos potetene, arbeid inn egg, salt, litt timian og fløyte til massen får ein fin kremaktig konsistens. Fyll i sprutepose og sprøyt i fine toppar på steikjebrett. Pensle med litt eggekvite og steik i omn på 225°C til dei er lysebrune, 5-7 minutt.
| POTETGRATENG Til 6 personar:
|
![]() |
| PANNEKAKER AV RIVNE POTETER Til 6-8 personar:
|
![]() |
FLØYTEBAKTE POTETER
Til 4 personar:
- 10 råskrelte poteter
- 1 liten lauk
- 3 dl kremfløyte
- salt, pepar
- 1 klype muskat
- smør til pensling
Pensle ei passande eldfast form med smelta smør. Skjer potetene og lauken i tynne skiver. Legg potetene lagvis med lauk, salt og pepar mellom kvart lag. Strø ei lita klype muskat på toppen. Slå over fløyten så han står jamnt med potetene. Set i steikjeomn på 200°C i ca. 30 minutt til potetene er pent brune og mjuke.



