http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Grillmat: Gode råd og oppskrifter!

grillspyd_barn

No i ferietida er det høgsesong for grilling, enten vi er heime eller på tur. Vi gjer deg gjerne nokre gode råd og tips slik at grillkvelden blir særs vellykka!

Grunnleggjande tips for å lykkast med grillmaten:

  • Bruk grillkol. Unngå eingongsgrill, det er nok forsøpling likevel!
  • Vask og reins grillen din med jamne mellomrom. Vask rista mellom kvar gong.
  • Unngå helst tennvæske som set smak på maten. Bruk heller gamle aviser, kongler eller flis til å tenne opp med.
  • Hugs at grillen er ei varmekjelde. Du kan bruke både panner og kjelar oppå grillen.

Pølser surra i bacon med potet- og bønnesalat
Vær nøye når du kjøper grillpølser. Les på pakka kva som er i dei. Min favoritt er Leiv Vidar si grillpølse.

Til 4 personar:
  • 8 gode grillpølser
  • 8 skiver bacon, helst tørrsalta
  • litt olivenolje
  • litt BRIMI Krydder frå varme land (eller andre krydder du likar)
poelser

Pensle eine sida av baconet med olivenolje. Dryss på litt BRIMI Krydder frå varme land. Hugs at det er ganske sterke krydder. Surr bacon med kryddersida inn rundt pølsene. Legg på grillen på middels varme, slik at pølsa blir gjennomvarm før ho blir brent utanpå. Snu ofte.

Potet og bønnesalat:

  • 300-400 g nypoteter
  • 3-4 dl gode bønner (bruk helst tørka som du kokar sjølv eller eventuelt hermetiske)
  • ¼ purre
  • 3-4 ss balsamico eller kvitvins/urteeddik
  • ca 1 dl oliven olje
  • ca 1 ts grov , fransk sennep
  • frisk graslauk
  • salt
  • nykverna svart pepar

Vask potetene og skjer i båtar på langs. Kok eller damp dei møre (du kan og bake dei i folie på grillen). Kok bønnene, dei bør liggje i blaut nokre timar fyrst. Kok dei gjerne saman med litt rotgrønsaker og bacon. Da får dei betre smak. Lag dressing; pisk opp balsamico/eddik og sennep med olivenolje. Vend potetene og bønnene i dressingen og finkutta purre og graslauk. La den stå å trekkje ei lita stund før du serverar. TIPS: likar du ikkje sennep, kan du prøve BRIMI Turkrydder i staden. Ein slik salat passar til det meste!


Sommarkotelett og tomatsalat
Bruk helst ferske, store nakkekotelettar. Sommarkotelettar har lett for å bli tørre. Dette er på grunn av frysing og hurtig opptining.

Til 4 personar:

  • 4 store nakkekoteletter
  • salt og nykverna svart pepar
  • litt olivenolje
  • 2 ts BRIMI Turkrydder, rosmarin eller anna godt krydder
sommerkotelett

Krydre kotelettane godt med salt og pepar. Legg dei på grillen på middels varme. Grill dei ca 15 minutt etter størrelse. Snu dei innimellom.
Rør saman Turkrydder og olivenolje, pensle kotelettane med dette dei siste minutta før servering.

Enkel, frisk tomatsalat:

  • ca 8 store, gode tomatar
  • 4 stk sjalottlauk
  • ¼ purrelauk
  • litt feta ost (kan sløyfast)
  • 3-4 ss balsamico
  • ca 1 dl god olivenolje
  • frisk basilikum
  • Maldonsalt
  • nykverna svart pepar

Skjer tomatane i skiver og lauken og purrelauken i ringar.
Bland saman alt med feta. Pisk opp balsamico med olivenolje og hell over salaten. Dryss over Maldonsalt, nykverna svart pepar og frisk basilikum. Smør og godt brød høyrer til!


Biff og grønsaker i folie
Bruk biff skore av indrefilet, ytrefilet, entrecote eller mørbrad. Legg gjerne ei klebersteinshelle på grillen som du steiker biffane på.

Til 4 personar:

  • 4 biffar à ca 180 gram
  • Maldonsalt
  • nykverna svart pepar
  • litt olivenolje
biff
Vend biffane i litt olje salt og svart pepar. Steik dei på grillen/steinhelle ca 8 ¿ 12 minutt etter kor tjukke dei er. Snu dei ofte. Legg biffane over på ein tallerken med folien over og la dei kvile nokre minutt før du skjer i dei.

Poteter og grønsaker i folie:
  • 4 store poteter
  • 3-4 sjalottlauk
  • 1 paprika
  • 1 brokkoli
  • 1 blomkål
  • 1 dl god olivenolje
  • 1 ss meierismør
  • litt Brimi Kjøt og suppekrydder eller frisk timian
  • salt og nykverna svart pepar
Kutt poteter og grønsaker i små terningar og bukettar. Vend alt i olivenolje og krydder. Pakk porsjonspakker i folie, ha i litt smør i kvar pakke. Steik på grillen ca 15 minutt. Snu på pakka av og til. Server biff og grønsaker med rømme og godt brød.

Grilla laksefilet, eple- og stongselleri i rømme og agurksalat

Til 4 personar
  • 1 laksefilet på ca 600 gram, med skinnet på
  • 3- 4 ss smør
  • 2 ts Brimi Fiskekrydder (eller finhakka dill og persille)
  • salt og nykverna svart pepa
laks
Skrap helst skjella av skinnet. Del opp fileten i 4 stykke, viss du ikkje vil grille fileten heil. Skjer med kniven i fileten/stykka og legg i smør blanda med krydder eller urter. Krydre med salt og pepar. Legg på grillen med skinnsida ned og steik til du ser fisken nesten er ferdig. Du skal altså steike den berre på eine sida og la varmen trekkje oppover i fiskekjøtet. Legg gjerne litt folie over fileten for at den skal bli fortare gjennom steikt. TIPS: pesto eller urtepuré er og godt å pensle fisken med under grilling.

Eple- og stongsellerirømme:
  • 2 dl rømme
  • 2 stk gode eple
  • 2 stenger selleri
  • eventuelt litt grov sennep
Skrell epla og kutt dei og selleristonga i terningar. (Skrell helst selleristonga med potetskrellar også). Bland saman med rømme og smak eventuelt til med litt grov sennep.

Frisk agurksalat:
  • 1-2 agurkar
  • ½ -1 ts sukker
  • litt nykverna svart pepar
  • frisk persille
  • 1-2 ss nypressa sitronsaft eller litt kvitvinseddik
Skrell agurken med ein potetskrellar. Fortsett og bruk skrellaren på agurken, slik at du får lange strimler. Den midtarste delen i agurken er frø og vatn. Dei treng du ikkje ha med. Bland med finhakka persille og smak til med sitronsaft, litt salt, sukker og pepar.

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------