http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

KJØTDEIG

I det nyare norske kjøken har vi fått sterk innverknad frå andre stadar i verda. Både frå sør, aust og vest. I Arne Brimi og Naturens kjøken sin filosofi er vi opptekne av å skape mattradisjonar for framtida, ikkje gro fast ved det gamle. Så lenge vi veit attende i tid har mattradisjonane på line med andre tradisjonar utvikla seg etter tida vi lever i.

Avstandane mellom dei ulike verdsdelane har vorte stuttare, og vi har dei siste åra fått mykje kjennskap til, og vorte inspirert av mattradisjonane i andre land. Dette har påverka oss, og det har aldri vore så stor interesse for mat blant folk som det er i dag. Kjøtdeigen finn vi att over store delar av verda, men tilberedt og smaksett på forskjellige måtar. Kjøtdeigen er som poteta, den kan brukast til alt.

Kjøtdeigen har forandra seg som produkt. Den har vorte lettare å steikje, noko som dagens forbrukarar krev. Vi brukar den til så mykje meir enn å lage kjøtkaker av. I dag får ein kjøpt kjøtdeig utan tilsetning av salt og vatn. Dette gjer at kjøtdeigen blir lettare å steikje. Den får ei fin smuldring, noko mange av dei nye rettane forlangar.

Kjøtdeig er laga av kverna storfekjøt, og kan innehalde inntil 14% feitt. Eit "finare" produkt er karbonadedeigen som er kverna av meir reint kjøt. Feittprosenten er lågare, inntil 6%. Mange av dei nye rettane blir ete saman med salat og friske grønsaker, noko som gjev eit godt samansett måltid.

Kunnskapen om behandling av råvarer har òg forandra seg. Før var det viktig å kunne spe kjøtdeigen til farse. Dette var vel av økonomiske grunnar. Det gav meir mat. I dag leitar vi heller etter ulike måtar å bruke kjøtdeigen på. Kjøtdeig er enkel å eksperimentere med. Alle kan lykkast på kjøkenet med kjøtdeig. Tenk enkelt i staden for å legg lista for høgt - det gjev oftast best resultat!

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------