Matkurs på Vianvang

Ynskjer du å lære meir om matlaging, og Arne Brimi sin filosofi innan mat og matkultur?

Vianvang er min draum. Draumen om å ha sitt eige. Draumen om å kunne ta folk inn i noko spesiellt, eit grenseland mellom eventyr og verkelegheit. Draumen om å gjera noko heilt spesiellt med måltidet.

Draumen starta med dei fyrste spadetak i 1998. Vianvang skal aldri bli heilt ferdigt - draumen om noko nytt som krysse grensar skal alltid leva.

På Vianvang skal du kunne oppleva det gode måltidet, læra litt med deg sjøl og andre.

Men Vianvang er ikkje ope kvar dag, så du lyt bestille i god tid. Dei som vil til Vianvang må enten bestille for din gruppe ein dato som høver, eller bli med på ein kveld som allerede er bestemt.

Vianvang høver for grupper frå 2 til 80. Vanligvis samlar Vianvangkveldane 30-40 mat og narturglade gjestar.

Men du lyt ha overnatting, nærmast ligg Brimi Fjellstugu.
Andre å anbefala er:
Fossheim Turisthotell i Lom.

Vi hjelp til med dette og mykje meir. Kontakt meg på mail, eller tlf: 419 31 111 .

Vanlegvis er alle helger i april-mai og juni oppe. Likeeins helgane frå midt i august og til jul.

Du kan og få vera heilt einsleg med ei mindre gruppe her, eller vera med på matkurs og læra meir om det eg trur på.

Velkomen!

Les meir på:
www.vianvang.no

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------