Adventshelg i Brimiland

Helg i Brimland med vekt på gode matopplevingar i adventstiden

Inviter en venn

Ei adventshelg i Brimiland byrjar på Brimi Fjellstugu. På fredagskvelden, med fyr på peisen, set vi fram kveldsbord med smak av årets julemat.  Her finn du heimelage sylte, ruller og retter som kokkene har lagd nå i juletida. Kjøkenet her legg vekt på det velsmakande, stuttfrakta, det heimelaga slik det er naturleg i Brimiland. Etter ei lang og velfortjent økt ved matbordet, dessert, kaffe og ein god prat, byr Brimi Fjellstugu på overnatting i gode senger for ei god natts sømn i høgfjellet.

Laurdag er det ”mårgåvel”, frokost, med heimelaga bakverk frå vårt eige bakeri, og mykje anna velsmakande. Etter det møtes vi i Brimiskogen klatrepark hvor du vert utfordra på balanse, styrke og koordinasjon på ein leikande måte. Brimiskogen klatrepark har fem løyper, og dei heng oppe i trea. Løypene vert vanskelegere og vanskelegere etter kvart som ein klatrar, og høgda aukar. Men det er alltid moglegheit for å koma ned på bakken att. Brimiskogen ligg idyllisk til i ein gamal furuskog omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu. Aktiviteten passer for alle, både for store og for små!

Til lunsj møtes vi på låven på BrimiSæter.  Der sit vi ved langbord alle saman, og meininga med lunsjen er å smake på ulike typer rakørret, ulike typer spekeskinker og ulike typer gode oster.  Sjølvsagt med godt tilbehør.  Vi avslutter lunsjen med kaffe og heimebakst.
Lørdag kveld er det lang middag hjå Arne Brimi på hans restaurant Vianvang. Vianvang er draumen som Arne har realisert i Brimiland. På Vianvang vert det mykje god mat, der smaken står i høgsetet. Ingen går frå Vianvang svolten, men vil likevel vera svolten på meir av rike opplevingar, og det å ha lært noko også her om kvelden.

Vi kjøyrer minibuss tur/retur Fjellstugu, men litt lyt ein gå for å koma heilt opp til Vianvang. Sundag morgon serverar vi ein lang og god frokost før det er tid for heimreise.

Program

Fredag

19:30Velkomst og orientering ved Vegard

20:00 Kveldsbord med gode julsmaker, både varme og kalde

Laurdag

08:00 Frukost

10:15 Spasertur med Vegard til BrimiSkogen

11:00 Klatring i BrimiSkogen for den som vil

13:00 Låve-lunsj på Brimi Sætra, spekeskinke-, oste- og rakfisksmaking med Arne Brimi

18:00 Vi er klare for å besøke Arne på Vianvang

18:30 Ankomst Vianvang i samlet fakkeltog

23:30 Retur til Fjellstugu i minibuss

Sundag

08:30 Frukost

Avreise etter eigne ynskje

Praktisk informasjon

Vi køyrer minibuss mellom Brimi Fjellstugu og Vianvang som ein del av opplegget.
Antrekket inne er uformelt, «pent hytteantrekk» vert brukt som eit ord på det.
Ute er det vindtette og varme klede for fjellet som gjeld.

Booking

  • Dette er kun en bookingforespørsel. Alle henvendelser blir besvart og behandlet manuelt. Mottar du ingen bekreftelse i løpet av et par arbeidsdager, vennligst ta kontakt med oss.
  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.



Andre pakker

Salgs- og leveringsbetingelser

Her skal de være!

×

Inviter en venn

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
×

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×