Helg i Brimiland med aktivitetar og utelunsj i Brimiskogen klatrepark

Helg i Brimland med vekt på gode matopplevingar, utfordringar i Brimiskogen klatrepark og godt samvær.

Inviter en venn

Eit helgeopphald i Brimiland byrjar på Brimi Fjellstugu. På fredagskvelden, med fyr på peisen, for så å gå til bords til ein 4-rettars meny. Kjøkenet her legg vekt på det velsmakande, stuttfrakta, det heimelaga slik det er naturleg i Brimiland. Etter ei lang og velfortjent økt ved matbordet, dessert, kaffe og ein god prat, byr Brimi Fjellstugu på overnatting i gode senger for ei god natts sømn i høgfjellet.

Laurdag er det ”mårgåvel”, frokost, med heimelaga bakverk frå vårt eige bakeri, og mykje anna velsmakande. Etter det møtes vi i Brimiskogen klatrepark hvor den som vil vert utfordra på balanse, styrke og koordinasjon på ein leikande måte. Brimiskogen klatrepark har fem løyper, og dei heng oppe i trea. Løypene vert vanskelegere og vanskelegere etter kvart som ein klatrar, og høgda aukar. Men det er alltid moglegheit for å koma ned på bakken att. Brimiskogen ligg idyllisk til i ein gamal furuskog omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu. Aktiviteten passer for alle, både for store og for små!

Til lunsj samlast vi ved bålplassen i BrimiSkogen. Her har det etter kvart vorte bygd eit avansert utekjøkken der vi serverar ein lunsj med 3 rettar. Ofte er Arne Brimi med på desse lunsjane, så då kjem det nok eit par soger frå ”Gutta på tur”. Alle rettane er laga over open varme. Råvarene er særs gode, utvalgde, for å få smakane frå naturen, i naturen, der kjøkensjefen har eit bål som sin beste medhjelpar. Måltidet avsluttast med bålkaffe.
Lørdag kveld er det lang middag hjå Arne Brimi på hans restaurant Vianvang. Vianvang er draumen som Arne har realisert i Brimiland. På Vianvang vert det mykje god mat, der smaken står i høgsetet. Ingen går frå Vianvang svolten, men vil likevel vera svolten på meir av rike opplevingar, og det å ha lært noko også her om kvelden.

Vi kjøyrer minibuss tur/retur Fjellstugu, men litt lyt ein gå for å koma heilt opp til Vianvang. Sundag morgon serverar vi ein lang og god frokost før det er tid for heimreise.

Program

Fredag

17:00 Innsjekk Brimi Fjellstugu
19:30 4-retters middag Brimi Fjellstugu
22:00 Peiskos

Laurdag

08:00 Frokost
10:30 Mulighet for aktivitet i Brimiskogen for den som vil
13:00 Utelunsj i BrimiSkogen
16:00 Fjellspa for den tøffe
18:00 Transport Vianvang, den som vil kan rusle bort (45 min.)
18:30 Lang kveld med Arne Brimi på Vianvang
23:30 Retur Brimi Fjellstugu

Sundag

08:00 Frokost
11:00 Utsjekk og avreise

Praktisk informasjon

  • Vi køyrer minibuss mellom Brimi Fjellstugu og Vianvang som ein del av opplegget.
  • Antrekket inne er uformelt, «pent hytteantrekk» vert brukt som eit ord på det.
  • Ute er det vindtette og varme klede for fjellet som gjeld.

Booking

  • Dette er kun en bookingforespørsel. Alle henvendelser blir besvart og behandlet manuelt. Mottar du ingen bekreftelse i løpet av et par arbeidsdager, vennligst ta kontakt med oss.
  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.



Andre pakker

Salgs- og leveringsbetingelser

Her skal de være!

×

Inviter en venn

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
×

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×