Matkurs i Brimiland med Arne Brimi

På eit matkurs med Arne Brimi får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, – og ikkje minst eta til du er mett.

Inviter en venn

Eit matkurs i Brimiland startar torsdag kveld på Brimi Fjellstugu med kveldsmat og orientering ved Arne og Vegard.

Fredagen startar med frukost før du ruslar (45 minutt) eller vert køyrde til Vianvang, Arne Brimi sin draum og restaurant. Her vert det matkurs, temaet er «Gastronomi i Jotunheimen». På matkurset vert du inspirert og lærar meir om «den gode og opphavlege smaken». Utgangspunktet er gode råvarer. Her ser du korleis rettene vert laga til, du lærer og du kan stille Arne og dei andre kokkane spurnader undervegs.

Attande på Brimi Fjellstugu fredag ettermiddag kan du ta eit gladast vin ved peisen, gå ein liten fjelltur eller slappe av litt i ei god seng. Fredag kveld er det ein god 4-rettars meny på Brimi Fjellstugu.

Laurdag er det fyrst frukost og ein liten rusletur ut i Brimiskogen. Her får du høve til å vore i aktivitet og utfordre deg sjølv før lunsj.

Til lunsj møter du Arne att, ute i Brimiskogen. Her vert det meir matprat og mange gode lunsjretter laga til på ein av våre mange ildstader ute i skogen. Laurdagen vert avslutta med ein festkveld på Vianvang.

Sundag er det ein lang og god frukost før ein vender heim, inspirert og rik på opplevingar.

Program

Torsdag

19:30 Kveldsmat
21:30 Samling i peisestugu, orientering ved Arne og Vegard

Fredag

08:00 Frokost
10:00 Oppstart matkurs på Vianvang, matkurs hele dagen
20:00 Meny Brimi Fjellstugu
22:00 Peiskos

Laurdag

08:00 Frokost
10:30 Enkel fjelltur med Vegard
13:00 Utelunsj i Brimiskogen med Arne & co
14:30 Anledning til å prøve seg i Brimiskogen
18:30 Vianvang – en lang og klassisk kveld med Arne Brimi

Sundag

08:00 Frokost
11:00 Utsjekk og avreise

Praktisk informasjon

  • Vi køyrer minibuss mellom Brimi Fjellstugu og Vianvang som ein del av opplegget.
  • Antrekket inne er uformelt, «pent hytteantrekk» vert brukt som eit ord på det.
  • Ute er det vindtette og varme klede for fjellet som gjeld.

Booking

  • Dette er kun en bookingforespørsel. Alle henvendelser blir besvart og behandlet manuelt. Mottar du ingen bekreftelse i løpet av et par arbeidsdager, vennligst ta kontakt med oss.
  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.



Andre pakker

  • To dagars firmatur i Brimiland

    Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.

    Meir informasjon
  • Matkurs med Arne Brimi og Lars Lian

    På eit matkurs med Arne Brimi og Lars Lian får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, – og ikkje minst eta til du er mett. På dette kurset har Arne invitert med seg den gode venen sin Lars Lian.

    Meir informasjon
  • Helg i Brimiland med tur til Steinbua

    Fjellet er på sitt vakraste om hausten. Vi er her, og vi er her og vil gjerne ta deg med som gjest på ein fin fjelltur nettopp på den årstida. Ei hausthelg med deg, og med alt vi og naturen kan by på.

    Meir informasjon

Salgs- og leveringsbetingelser

Her skal de være!

×

Inviter en venn

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
×

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×