http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Ostesmørbrød med krydra kjøtdeig og urtepuré

Urtepuré eller pesto får du kjøpt i dei fleste butikkar, men den beste lagar du sjølv.

 

4 porsjonar

ostesmbrd
8 stk brødskiver
80 gr Mozzarella eller
80 gr Jarlsberg
Urtepuré
1 pt basilikum, frisk
2 ss pinjekjerner eller solsikkekjerner
1/2 stk sjalottlauk
2 dl olivenolje
30 gr parmesan, fersk , reven
salt

Kjøtdeig
500 gr kjøtdeig
2 stk sjalottlauk
2 stk paprika
100 gr sjampinjong , frisk
1/2 stk aubergine
2 stk tomater
2 ts BRIMI Krydder frå varme land
3 ss balsamico
1 dl vatn
salt
BRIMI Kvit pepar, nykverna

Alt kjøres til ein glatt puré i kjøkenmaskin, unntatt parmesanen som kjøres inn dei siste sekunda. Puréen kan sprekke hvis den blir "kjørt" varm. Urtepuré kan oppbevarast i kjøleskåp 2-3 veker.

Kutt opp grønsaker, skjer tomatane i båtar. Steik kjøtdeig og grønsaker i olje eller smør. Krydre. Ha i balsamico og vatn. La det heile småkoke i 3- 4 minutt. Smak til. Tips: I staden for Brimi Krydder frå varme land, kan du prøve Brimi Turkrydder som gjev ein rundare smak.

Smør brødskiver med urtepuré, legg på kjøtdeig og reven ost. Gratiner i omn på 225 grader til osten er gyllen. Et gjerne smørbrøda med ein frisk salat til.

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------