|
I denne retten kan du bruke forskjellige andre grønsaker i staden for fisk, slik at du får ein vegetarrett.
4 porsjonar
|
|
Kvit saus
|
| 70 |
gr |
smør |
| 1 |
stk |
sjalottlauk, finhakka |
| 70 |
gr |
kveitemjøl |
| 12 |
dl |
mjølk |
|
|
salt |
|
|
BRIMI Kvit pepar, heil, nykverna |
| 2 |
ts |
kapers eller |
| 2 |
ts |
BRIMI Fiskekrydder med fennikel |
Ellers
|
| 2 |
stk |
blomkål |
|
|
vatn og salt |
| 500 |
gr |
laks, fersk og beinfri eller |
| 300 |
gr |
røykt laks |
| 150 |
gr |
reker, reinsa |
| 150 |
gr |
ost, reven |
|
|
Fres smør og sjalottlauk saman med mjølet. Slå i all mjølka, og rør godt til det kokar slik at det ikkje svir seg i botn av kjelen. La det småkoke 5- 10 minutt for å få bort mjølsmaken. Smak til med kapers eller Brimi Fiskekrydder, salt og nykverna Brimi pepar.
Del blomkålen i store bukettar og kok dei møre i vatn med litt salt i. Skjer laksen i terningar. Legg blomkålbukettane i ei eldfast form. Bland laksen og rekene inn i den kvite susen og slå det over blomkålen. Strø på ost. Gratiner i omn på 200 grader til osten er gyllen og laksen er gjennom trekt. Dette tek ca 15 minutt. Server med brød og ein frisk salat.
|
|