Velkommen til Mat og Kvile!

Brimi fjellstugu ligg på snaufjellet, rett over tregrensa, omkransa av høge og stolte fjell. Opprinneleg er Brimi Fjellstugu bygd opp rundt eit gamalt tømra ystehus, og ved fjellstugu kan du enda oppleva gamalt sæterliv på sætrane som er i drift kvar sommar.
Mange trur at dette er Arne Brimi sin turiststad, men så er ikkje tilfelle. Slektskapet er der, og Arne har vore og er ein stor inspirator og god medhjelpar for oss her på Fjellstugu. Samarbeidet er nært, og matlaging etter Naturens Kjøken sin filosofi står for oss sentralt. Naturen er storslagen, og med Jotuheimen som næraste nabo, er turmoglegheitane mange året rundt.
Vertskap Eva og Vegard Brimi ynskjer alle:
"Velkomne til fjells, til mat og kvile!"
