http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Visste du dette om BLOMKÅL?

Blomkål har sitt opphav frå Midtausten. På Kypros har blomkål vore dyrka i mange hundre år. Dei ressurssterke maurarane hadde med seg planta til Spania i middelalderen, og vi veit at blomkål vart dyrka i Europa og Storbritannia på 1600-talet.

Blomkålen er i slekt med brokkoli, men har sitt eige latinske namn; botrytis, som er det greske ordet for drueklase. Det finnes mange slag blomkål med forskjellige farger, frå heilt kvite til meir grøne. Romanesco er ein av dei, og den ser ut som ei krysning mellom blomkål og brokkoli.

Når du kjøper blomkål, er det lett å sjå om den har bra kvalitet. Blomkål skal lukte friskt og godt. Bukettane skal vere kvite og blada rundt skal vere grøne og sprø.

blomkal

Blomkål er godt til det meste. Ved bruk fjernar ein dei grove blada og den nedste delen av stilken. Den kan dampast eller kokes heil eller i mindre bukettar.

Næringsinnhald: Rik på vitamin A og C, folinsyre, svovel, kalium og natrium.

Smørsteikt blomkål:
Kutt blomkål i små bukettar på ½-1 cm. Fres bukettane i ei varm steikepanne med litt olje i. Krydre med salt og nykverna pepar. Etter 2-3 minutt har du i godt smør og steiker dei gylne. Pass på så smøret ikkje blir brent.

Dersom du har litt større bukettar, kan det vere lurt å koke bukettane i vatn i 2 minutt, avkjøle dei i kaldt vatn og tørke dei før du har dei i panna. Dette heiter å forvelle eller blansjere på fagspråket.

Smørsteikt blomkål passar til både kjøt, fisk og i blomkålsuppe.

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------