Visste du dette om SJALOTTLAUK?
|
Namnet kjem frå det franske "Echalote" etter byen Askalon i Palestina, der arten vart oppdaga av franske korsfararar. Tilhøyrer laukfamilien. Den veks i små, tette klynger som kvitlauk, med ca. 2 - 6 knollar gruppert saman. Sjalottlauk er meir aromatisk på smak enn vanleg kepalauk, og den har mindre syre og bittersmak enn vanleg lauk. På marknaden fins au ein avlang variant som vi kallar banansjalottlauk. Sjalottlauken er ei lita, nøysam råvare som nær sagt i alle tider har hatt sin sikre og nødvendige plass i det klassiske kjøken. Ved sida av å vera enkel å ha med å gjera, eller å ha med på tur, har den ein fenomenal aroma som ikkje støyter verken ganen eller andre råvarer. Tvert imot, den er sunn og er flink til å framheve andre smakar. |
![]() |
|
|
|

