Visste du dette om KINAKÅL?
|
Dette er det mest kjente asiatiske kålslaget. Det har lang historie i Kina, derfor namnet. Det fyrste som er funne skreve om kinakål er frå det femte århundre e. Kr. |
|
|
Norsk kinakål får ein ofte tak i til langt ut på vinteren. Takka være klimaet i Norge er norskprodusert kinakål kjent for å vere god på smak. Kinakål skal sjå frisk og fin ut og følast tung og kompakt. Dersom du har kjøpt eit ungt kinakål, kan det oppbevarast i fleire veker i ein plastpose nedst i kjøleskåpet. Den kan faktisk halde seg fleire månader dersom den oppbevarast tørt, mørkt og kjøleg. Smaken er mildare enn hjå vanleg kål. Ved bruk fjernar du dei ytterste grove blada, resten kan brukast. Dei fleste brukar kinakål mest i salat, men den kan òg kokast eller dampast. I asiatisk matlaging blir kinakål mest brukt i wokretter. Woken er laga av praktiske grunnar, ikkje fordi den er "in" eller tøff, men for å samle mest mogleg varme frå eit lite bål. |
![]() |
|
Kinakål og andre grønsaker i wok: |
|

