http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Visste du dette om RAUDBETE?

Raudbete har sitt opphav i Sør- og Vest-Europa. Produksjon har man kjent til i meir enn 3000 år. Romarane såg på blada som legemiddel. Til Norden kom den på 1600-talet. Raudbete kan være sylinderforma eller rund. Farga varierer frå mørk raud til gul og kvit.

Den skal ha mørkt raudlilla skal og fast «kjøt». Har den blad, skal disse være friske og grøne.

Lagre den så langt ned mot 0 °C som mogleg, gjerne i ein plastboks eller plastpose, da den treng mykje fukt.

Raudbete kan ein bruke til mykje. Kokt varm som grønsak eller kald i salatar. Kan brukast rå revet i råkost, bakt i omn og i supper. Raudbete er ein av hovudingrediensane i den austeuropeiske suppen borsch. Kan brukast kokt og sylta til raudbetsild. Er fin til langtidskoking da den held på konsistensen. Òg brukt i kreming til stuing eller saus.

raudbete

Kok den godt vaska og uskrelt, da beheld den farga. Skrell den etter koking den og la den liggje ca. 1 time i lettsaltet vann. Krafta kan brukast til å smake til og sette farge på f.eks. bulgur eller cous-cous. Dersom den skrelles før den tilberedes, vil den endre farge forholdsvis kraftig til lenger den kokes.
Raudbete kan både kokast og bakast i omn. Skal ein koke den må ein vaske og skrelle den fyrst. Dersom ein bakar den i omn i olje eller folie, vil den lett sleppe skalet.
Raudbete kan koke i timevis utan at den blir øydelagd.

Næringsinnhald: Raudbete inneheld C-vitamin og mineralar, som kalium og jern. Den er kalorifattig.

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------