http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Visste du dette om SELLERIROT?

Denne "knollen" har historie heile 3000 år attende i tid, den har blant anna vore brukt som luktesalt. Denne kom til Norge frå Middelhavslanda og var i byrjinga brukt som medisinplante. Sellerirot er klassifisert som rotgrønsak, men er eigentleg ein oppsvulma del av stilken som veks over bakken. I Norge har vi to typar, ein "fersk" variant som blir seld i buntar med blada på, og ein som tåler lengre lagring som ofte er oppskåre og pakka i plast. Stilkane og blada på den "ferske" varianten er ganske lik stongselleri og kan brukast på same måte.

Sellerirot må skrellast før bruk. Del den først i to, da ser du kor tykt skalet er, og du ser kor mykje du skal skrelle av. Når den er skrelt blir den fort brun på farge, så dersom du ikkje skal bruke den med ein gong, bør du leggje den i vatn med litt sitronsaft eller eddik oppi.

Sellerirot kan brukast revet i salatar eller i råkost saman med for eksempel gulrot, men da bør den vere frisk og sprø. Den er ofte brukt i kraft, men kan og brukast som andre rotgrønsaker. Kan brukast på same måte som potet.

Næringsinnhald: Knollen er rik på mineral, spesielt på kalium. Den inneheld også mykje B-vitaminer og ein del C-vitamin.

Potetstappe med sellerirot
Kok ein kjele med 1/3 sellerirot og 2/3 poteter. Dei må vere skrelte og kutta i om lag like store terningar. Når alt er kokt mørt slår ein av vatn og set kjelen tilbake på plata eit par minutt utan lokk¸ slik at poteter og selleri rot "tørkar". Bland inn godt smør, mjølk(aller helst fløyte) og smak til med salt og nykverna pepar. Ein kan òg kjøre det på ei kjøken maskin, men da må du vere forsiktig slik at stappen ikkje blir seig på grunn av stivelsen i potetene.

sellerirot

 

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------