http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-1gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-2gk-is-97.jpglink
http://www.brimiland.no/modules/mod_image_show_gk4/cache/topper.Vianvang.Vianvang-3gk-is-97.jpglink

Visste du dette om AGURK?

I India har agurk vore dyrka i meir enn 3000 år. Grekarane og romarane brukte denne mykje på grunn av det høge vassinnhaldet og den forfriskande effekten. Den kom til Norge i andre halvdel av 1600-talet. Dei to viktigaste hovudtypane er slangeagurk og drueagurk. Slangeagurk blir òg kalla salatagurk.

Den er ofte mørk grøn, men farga kan variere med typa. Agurken er fast med glatt eller let rugla skal. Drueagurk (engelsk:   cherkin), populært kalla sylteagurk, er små og grøne agurkar som blir sylta heile, skiva eller til picklesagurk. Agurk til sylting kan vera litt bitter, og den er ljos i farga. Den beste lagringstemperaturen er 12-14 °C. Kjøleskap er derfor ikkje ein eigna stad for oppbevaring. Allereie ved 8 °C kan agurken få kuldeskade. Da blir den blank i kjøttet. Den ideelle temperatur er vanskeleg å finne, men romtemperaturen er betre enn kaldt kjøleskåp. Behald plastfilmen på, viss ikkje tørkar den lett ut.

agurk


Agurk blir brukt til alle typar salat, til smørbrød og pynt på kalde og varme rettar, i fiskegryter, ratatouille, gazpachio (kald spansk suppe), tzatziki, krema både varm og kald. Ein kan òg smørdampe den og servere til fisk.

Til variasjon kan du skive agurken på langs med ostehøvel eller rotskrellar. Agurk i stavar egner seg godt som dippgrønsak.

Heile agurken blir brukt. Agurk kan ein skrelle eller vaske og bruke som den er. Skrell helst ikkje agurken, for da fjernar både noko av smaken og næringsinnhaldet.

Næringsinnhald: Det fins A-, B- og C-vitaminer, samt kalsium og jern, men ikkje nok til å ha ernæringsmessig meining.

Krema agurk:
Kok opp litt crème fraîche eller fløyte med sitronsaft. Forvell agurk i skiver utan kjerne og vend dei inn i crème fraîchen. Smak til med hakka mynte eller andre urter du likar.

Sylting av drueagurk:

Vask godt og legg dei saman med grovsalt i ein bolle i 24 timar. Tørk godt av agurkane og legg dei i kaldt vatn i 5 minutt. Ha agurk på et glas med lauk, timian, estragon, kvitlauk, laurbærblad. Kok opp eddik og sukker og hell over, sett på lokk.

Agurksalat:
Agurksalat brukar vi ofte til laks; skjer agurkskiver så tynne som du greier. Vend dei i salt, sukker og pepar. Legg i press. Da vil vatnet i agurken trekkje ut og lage grunnlag for laken. Smak så til med sitronsaft eller kvitvinseddik. Har ein frisk dill, graslauk eller persille, kan ein variere smaken. Brimi Fiskekrydder passar òg!

---------------------  ANNONSØRER:--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------