Visste du dette om KLØVER?
|
Det finst fleire slag kløver, det eg meiner med kløver er kvit eller raud villkløver. Raudkløveren er ein av dei viktigaste engvekstane, og kom eigentleg til Noreg som frø til dyrking av eng. Den raude engkløveren og den raude villkløveren har ikkje eg merka annan forskjell på enn at den "ville" har meir trænete stilk, og at kløver som veks spreidd ofte har ein sterkare søtsmak enn dei som står tett. Den fine naturlege søtsmaken, honningen, som er i blomen gjer han interessant å bruke for meg. For verkeleg å kunne kjenne søtsmaken må ein bruke nokså mykje blomar. Eg lagar eddik, tørkar han til te, eller brukar han som ein urt til graving av kjøt i staden for sukker. Kløver er også med og set ein fin smak på bjørkesaft når ho blir redusert. |
![]() |

