PAKKETILBOD FRÅ BRIMILAND

PAKKETILBOD FRÅ BRIMILAND

Om Brimiland

Ferdig pakka fjelleventyr

Fjellheimen kring Brimiland er ei skattekiste av natur- og matopplevingar som vi gjerne vil dele med deg. Her finn du nokre av våre komplette pakkar med mat, opphald og opplevingar. Ta gjerne kontakt for skreddersaum.
x

Brimi Fjellstugu

Velkomen til mat og kvile

UTFORSK

Jotunheimen kallar – kjem du?

Unn deg nokre gode dagar i eit av dei vakraste seterlandskapa i landet – med mat, opplevingar og samvær frå øvste fjellhylle.

Aldri er Norge vakrare enn i fjellet. Kring Brimi Fjellstugu ruvar mektige høgfjell mot himmelen. Gjev oss menneske ei taus påminning om kor småe vi er.

Brimi fjellstugu ligg på snaufjellet, rett over tregrensa. Lufta er frisk, og sommar- og haustfargene ei praktfullt ramme kring den levande seteridyllen fjellstugu er del av. I synsranda glitrar Tesse, eit vidgjetent fjellvatn med ørret av beste kvalitet. I lag med stuttgåtte beitedyr og ureiste meieriprodukt fyrsteklasses råvarer som har gleda mang ei gane og gjest på fjellstugu.

Terrenget kring setra er vidstrakt og storslått, samstundes går fjellvandrarar fint til topps på dei næraste 2000-meterstoppane på nokre timar. På Brimi fjellstugu treng du ikkje dra til fjells, du vaknar i fjellheimen.

I nabolaget vårt – kjent som Brimiland – finn du Brimiskogen klatrepark, lokalmatmekkaet Brimi Sæter og Arne Brimi sin vidgjetne gourmetrestaurant Vianvang. Vil du oppleve ein heilaften i selskap med Arne, så pakkar vi gjerne ei komplett helg med kost og losji for deg.

Brimiland byr og på unik overnatting og matopplevingar i dei vakre fjellbygdene Vågå og Lom – du finn dei alle bak logoane i botnmenyen her på nettsida.

Vertskap

Familien Brimi har i fleire generasjonar tatt i mot gjestar i Jotunheimen. Vi set vår stoltheit i å servere dykk det fremste fjellheimen har å by på av mat, opplevingar og kvile.

På Brimi Fjellstugu er vi særs opptekne av personleg vertskap og omsorg for kvar einaste gjest. Vi tek i mot deg i fjellheimen – og målet vårt er at du skal føle deg som heime i både fjellet og fjellstugu.

Svært mange av våre gjestar kjem begeistra att gong etter gong, noko som gjer stemninga på Brimi Fjellstugu avslappa, familiær og inkluderande. Her er det lett å få råd og vink kring måltidet eller peisvarmen, både til fjellturar, aktiviteter og val i menyen.

Har du spørsmål eller særskilde ynskjer for opphaldet, så hjelp vi gjerne til med å skreddersy ditt fjelleventyr. Velkomen!

Fjellhelsing Vegard og Eva, Lene, Yngve og Harald Brimi.

folk
Lars Ove Sivle
Ola Tangvik Brimi
Marit Tangvik
Hans Brimi
Hans Eilev Bakke
Dan Robin Leirvåg
Kristina Nyborg
Per Ivar Berget
Arne Brimi
Even Brimi
Elin Evensen
Yngve Eek Ottesen
Harald Brimi
Eva Brimi
Vegard Brimi
x

Lars Ove Sivle

Lars Ove er landets fyrste Innanriksminister, er Brimiland sin vaktmeister og som kan alt som har med det å gjera; – dess vanskelegare oppgava er, dess betre tykkjer Lars Ove det er. Lars Ove styrer óg Brimiskogen med Klatreparken, har full kontroll på alt frå guider til bestillingar; – og kan hjelpa folk i Klatreparken ned frå trea om det trengst.

Lars Ove treffer du på mobil 915 66 663.

»
«
x

Ola Tangvik Brimi

Ola er gift med Hans Brimi. Ola er murar av yrke, og han har vore byggmeister for dei nye prosjekta på Brimi Sæter. Han har lært seg kunsta å yste ost, og på Brimi Sæter lagar dei mykje framifrå ost som er til sals. På setra kan du fylgja med på heile prosessen gjennom store vindaugo, frå mjølkinga av kyrne til ystinga, og sjå ost til mogning på ostelageret.

»
«
x

Marit Tangvik

Marit er dotter til Ola. I sommarferiane er ho ofte å finne som kafé- og butikkvertinne på Brimi Sæter.

»
«
x

Hans Brimi

Hans er odelsguten på garden Brimi i Garmo i Lom, med seter her ved Tesse i Brimiland. Han er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim Turisthotell i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. Bestefar til Hans, Hans W. Brimi, var ein vidgjeten felespelar. Denne Hans spelar óg fele, og folkemusikken har alltid vore ein viktig del av seterlivet her.

I 2014 etablerde Hans og Ola ein ny butikk saman med Ola Geilo og Olav Grjotheim; – Smak i Lom som ligg ved Prestfossen i Bøvra i Lom.

»
«
x

Hans Eilev Bakke

Hans Eilev har vore med frå starten av på Vianvang. Hans Eilev gjer alt; – frå snøbrøyting av vegen, til snikring og servering av mat og vin.

»
«
x

Dan Robin Leirvåg

Dan Robin er kokk og sunnfjording som kom hit til fjells. Han har snart vore 6 år på Vianvang. Læretida si hadde han på Fossheim Turisthotell i Lom hjå Kristoffer Hovland og Ståle Johansen

»
«
x

Kristina Nyborg

Kristina er kokk og kjem frå Lierne. Læretida si hadde ho på Britannia i Trondheim, og kom til oss i mai 2013. Kristina er sjefen for dessertbordet.

»
«
x

Per Ivar Berget

Per Ivar har arbeidd på Vianvang sidan 2005, der han nå er kjøkensjef. Læretida si hadde han på Fossheim Turisthotell i Lom frå 1998 – 2000, hjå Arne Brimi.

»
«
x

Arne Brimi

Kokken vår og fiosofen i Brimiland. Kjent og kjær for veldig mange i Noreg. Eier og driver Vianvang aktivt. Arne treffes på telefon 90502469.

»
«
x

Even Brimi

Even er son til Arne. Han er utdanna som sommelier på Kulinarisk Akademi. Utanom å vera vinkelner og servitør på Vianvang, er han til tider også det same på Vaaghals i Bjørvika i Oslo.

»
«
x

Elin Evensen

Elin har vore på Vianvang i 7 år, og ho er den som ser til at huset er i orden. Elin har kokkefagbrev, og serverar også på Vianvang.

»
«
x

Yngve Eek Ottesen

Yngve har idrettsutdanning med hovudfag. Han er gift med dotter til Eva og Vegard Brimi, og valgte framfor idretten å bli den fyrste til å smykka seg med tittelen ”Bål- og Bookingsjef”, ikkje berre her i Brimiland der han har vore det i 10 år, men truleg fyrst i heile Verda. Yngve driver også Brimi Eventyr. Bålsjefen treffes på 41931111.

»
«
x

Harald Brimi

Harald er son til Eva og Vegard på Brimi Fjellstugu. Harald er eigentleg helikopterpilot, men er nå nede på bakken og har flytta heim for å ta del i arbeidet på Brimi Fjellstugu. Guten er ein pådrivar og entreprenør, så det er stadig nye prosjekt på gang.

Harald treffer du på mobil 982 11 980.

»
«
x

Eva Brimi

Eva er gift med Vegard og er Fjellstugu si kjende vertinne. Ho står på tidleg og seint, og er ei særs framifrå kokke til å kunne laga og servera heimelaga mat. Og ho kan by på det beste av lokale råvarer. Det er ikkje mange i Norge som kan laga betre sausar enn Eva!

»
«
x

Vegard Brimi

Vegard er oppvaksen på Brimi Fjellstugu som han og Eva og familien driv. Han er jaktkar og ein fjellets mann, og så kunnskapsrik som han er, og med sitt gode lune og mykje løgje på tunga, er Vegard den fødte vert og fylgjesmann på turar i fjellet; – og bautaen i Brimiland.

»
«

Fjellstugu

Brimi fjellstugu var originalt eit gamalt tømra ystehus. I dag er setra utvikla til ei fjellstugu med historisk sjarm, moderne fasilitetar og rik meny med lokale råvarer.

Frå starten i ysthuset som vart reist i 1949, er Brimi fjellstugu bygd fint ut fleire gonger. Seinast med ny restaurant, spisesal og resepsjonsområde. Undervegs har vi lagt vekt på å ta vare på tradisjonane, byggestilen og kanskje det viktigaste – personlig service og heimleg atmosfære uttrykt gjennom både vertskap og interiør.

Rundt fjellstugu ligg ei levande setergrend som er i drift om sommaren. Rikt fiske- og badevatn, artig klatrepark og eit fantastisk flott fuglekikkartårn.

På sommartid er det yrande liv på Brimi Fjellstugu, med heile familien og mange gode hjelparar i sving for å by gjestar frå fjern og nær mat og kvile.

I helgene på hausten tilbyr Brimi Fjellstugu ferdig samansette pakker med gode opplevingar i samarbeid med andre vertskap i Brimiland, sjå meir her.

På vekedagar utover hausten tek vi ofte imot firmagrupper som vil til fjells for å kombinere fagleg innhald med mat- og naturopplevingar frå øvste fjellhylle.

Døme på gode menyar på Fjellstugu.

Booking av pakker og bordbestilling: post@brimi-fjellstugu.no eller telefon 612 39 812.

Måltid å minnast

På kjøkenet Brimi Fjellstugu legg vi vår stoltheit i god, heimelaga mat med røter i tradisjonar frå bygda og seterstell. Råvarene er oftast stuttreiste, gjerne frå lokale ørretvatn, fjellbeite og jaktterreng.

Etter endt dag ute i naturen ventar ferdigdekte bord. Så er det berre å setja seg ned ved ein sprakande peisild i forventing om matopplevingane som skal kome. På kveldane sett vi ofte saman gode 4-retters menyar med utgangspunkt i sesongens råvarer.

I sommarsesongen serverer vi enkle lunsjrettar på dagtid og 3 til 5-retters menyar om kvelden.  Spør oss gjerne om ei passande vinpakke til. Du kan oppleve  smakar av ørret, rein og rype frå heimfjellet kring fjellstugu.

Vi samarbeidar tett med Arne Brimi, og tilbyr pakkar med opphald på Brimi Fjellstugu toppa med heilaften på gourmetrestauranten Vianvang.

Kvil godt

Brimi Fjellstugu byr på mat og kvile til kring 40 gjestar. Du kan sjekke inn på hotellrom, leige eigen hytte eller heile fjellstugu til møter og andre arrangementet.

Brimi Fjellstugu har 19 dobbeltrom med bad, og frittståane hytte på tunet med tre soverom.

Dobbeltrom kostar 850 kr per pers med frukost. Enkeltrom med frukost 1150 kr.

Fellesareala er romslege og særs stemningsfulle, med nybygd peisestue, restaurant og nytt resepsjonsområde.

Rett over dørstokken ventar Jotunheimen, 2000-meterstoppane i Kvitingskjølen, fjellvatnet Tesse, trolsk fjellfuruskog og eit lys, levande kulturlandskap som lokkar til oppdagingsturar og eventyr.

Vegen er stutt til Besseggen, Galdhøpiggen og Glittertind, raftingelva Sjoa og matmekkaet Lom, Valdresflye og ikoniske Sognefjellet og Hurrungane.

Er dykk ei større gruppe, byr vi og på overnatting hos våre gode naboar Brimi Sæter og Brimiskogen – samt på vårt boutique hotell SOV Lodge nede i Vågå.

Skreddersydd firmatur

Gjennom Brimi Eventyr skreddersyr vi komplette pakkar med aktivieteter, matopplevingar, fagleg innhald, opphald og transport. 

Brimi Fjellstugu har plukka frå øvste hylle, og er stolte av å tilby bærekraftige firmaturer med relasjonsbygging, gode møter og opplevingar for deg og dine kollegaer. 

I firmaturane våre har vi samla det beste Brimiland har å by på av stolte mattradisjonar, stor og vakker natur, og levande kultur. Gjerne krydra med rafting, hundekjøring, stisykling eller bre- og toppturar. Alt sydd saman til ei minnerik og eventyrleg oppleving.

Fjellstugu byr på romslege fellesarael og møterom med sjel, toppa med suverent mat- og aktivitetstilbod. ​Gjerne toppa med festmiddag hos Arne Brimi på Vianvang.

Vi er stolte av det vi har å vise fram, og vi gler oss til å ynskje velkomne!

Sesongar

På Brimi Fjellstugu er drifta like variart som dei fire årstidene kring oss.

Brimi Fjellstugu er velsigna med mange nøgde gjestar som kjem att gong etter gong – og mange nye som kjem til kvart år. Vi oppmodar difor alle besøkande om å bestille opphald i god tid på forhånd – til gjengjeld lovar vi dykk opplevingar å leve lengje på.

Sommar: På Brimi Fjellstugu byr vi alle som ser innom både mat og kvile gjennom hele sommaren.

Haust: I helgene tek vi i mot gjestar som har forhåndsbooka komplette pakkar med mat, kvile og aktiviteter, gjerne i samarbeid med Arne Brimi på Vianvang. I vekedagene tek vi i mot bedriftar som har booka firmaopphald gjennom Brimi Eventyr.

Vinter: Vi opnar for julebord og sosiale lag i november og desember.

Velkomen til fjells!

Helsingar frå gjestar

  • Takk for hjelpen nok en gang. Pappa var super fornøyd med oppholdet og sa det var den fineste bursdagsgaven han hadde fått i hele sitt 70 års lange liv!

    Anders G, Oslo

  • Jeg var i Brimiland i helgen, gjest i min søster/svogers feiring.
    Er det en drøm at jeg har vært der?? Det var en utrolig opplevelse, fantastisk!. Gjestfriheten hos Vegard på Brimi Fjellstue, på tur med ham lørdag,
    på lunsj ute i Brimiskogen med dere alle sammen, og så på Vianvang hos Arne Brimi og hans stab.
    Jeg har spist mye god mat tidligere, men dette overgår alt. Det var så veldig veldig veldig godt!!
    Ute i «tutaheiti» bortenfor sol og måne, uten et veiskilt – der ligger dere. Verdens beste sted!!
    Vi kommer nok tilbake……tusen tusen takk for en uforglemmelig helg. Et minne for livet.

    Kikki, Bergen

  • På vegne av alle i reisefølge så vil jeg få takke så mye for en flott adventshelg i Brimiland. Tilbakemeldingene var unisont fantastiske J
    Tusen takk til alle involverte.

    Frank, markedsjef, Trondheim

Bli innbyggjar

Bli «innbyggjar» i Brimiland ved å melde deg på vårt nyheitsbrev. Som «innbyggjar» får du dei beste tilboda først, tilgjenge på eksklusive nyhende og arrangement. Adressa di blir verande hos oss og vi vil ikkje spamme innboksen din.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×