24 timar i Brimiland

Det er mykje som kan opplevast om ein er berre 24 timar i Brimiland. På denne pakken vil tilby det beste frå og i Brimiland på 24 timar.

Inviter en venn

Oppholdet startar med innsjekk på Brimi Fjellstugu før vi møtast til 3-rettars koseleg og roleg bållunsj i BrimiSkogen. Ofte er Arne Brimi med på desse lunsjane (lunsjane er alltid på lørdag). Deretter kan du utfordra balansen, styrken og koordinasjon på ein leikande måte i klatreparken. Brimiskogen klatrepark har fem løyper, og dei heng oppe i trea. Løypene vert vanskelegere og vanskelegere etter kvart som ein klatrar, og høgda aukar. Men det er alltid moglegheit for å koma ned på bakken att. Brimiskogen ligg idyllisk til i ein gamal furuskog omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu. Aktiviteten passer for alle, både for store og for små!

På kvelden er det lang middag hjå Arne Brimi på hans restaurant Vianvang. Vianvang er draumen som Arne har realisert i Brimiland. På Vianvang vert det mykje god mat, der smaken står i høgsetet. Ingen går frå Vianvang svolten, men vil likevel vera svolten på meir av rike opplevingar, og det å ha lært noko også her om kvelden.

Vi kjøyrer minibuss tur/retur Fjellstugu, men litt lyt ein gå for å koma heilt opp til Vianvang. Morgonen etter serverar vi ein lang og god frokost før det er tid for heimreise.

Program

Praktisk informasjon

  • Vi køyrer minibuss mellom Brimi Fjellstugu og Vianvang som ein del av opplegget.
  • Antrekket inne er uformelt, «pent hytteantrekk» vert brukt som eit ord på det.
  • Ute er det vindtette og varme klede for fjellet som gjeld.

Booking


  • Dette er kun en bookingforespørsel. Alle henvendelser blir besvart og behandlet manuelt. Mottar du ingen bekreftelse i løpet av et par arbeidsdager, vennligst ta kontakt med oss.
  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.



Andre pakker

  • To dagars firmatur

    Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.

    Meir informasjon
  • Midtveke med hausttur til steinbua og Vianvang

    Jotunheimen er på sitt aller vakraste om hausten. Vi vil gjerne ta deg med som gjest på ein storslått fjelltur til steinbua vår, med sprakanda haustfarger, måltid tilberedt over bålglør og mjuk landing hos Arne Brimi på Vianvang!

    Meir informasjon
  • Matkurs med Arne Brimi og Lars Lian

    På eit matkurs med Arne Brimi og Lars Lian får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, – og ikkje minst eta til du er mett. På dette kurset har Arne invitert med seg den gode venen sin Lars Lian.

    Meir informasjon

Salgs- og leveringsbetingelser

Her skal de være!

×

Inviter en venn

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
×

Bli innbyggjar

Bli «innbyggjar» i Brimiland ved å melde deg på vårt nyheitsbrev. Som «innbyggjar» får du dei beste tilboda først, tilgjenge på eksklusive nyhende og arrangement. Adressa di blir verande hos oss og vi vil ikkje spamme innboksen din.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×