Kortversjonen av ein firmatur. Fullpakka av opplevingar og tid til møter – inkludert minnerik heilaften hos Arne Brimi på restaurant Vianvang.
Oppholdet startar med innsjekk på Brimi Fjellstugu og tid til møte før vi møtes til lunsj ved bålplassen i BrimiSkogen. Her har vi eit avansert utekjøkken der vi serverar ein lunsj med 3 rettar. Ofte er Arne Brimi med på desse lunsjane, så då kjem det nok eit par soger frå ”Gutta på tur”. Alle rettane er laga over open varme. Råvarene er særs gode, utvalgde, for å få smakane frå naturen, i naturen, der kjøkensjefen har eit bål som sin beste medhjelpar. Måltidet avsluttast med bålkaffe.
Etter lunsj venter klatreparken hvor du vert utfordra på balanse, styrke og koordinasjon på ein leikande måte. Brimiskogen klatrepark har fem løyper, og dei heng oppe i trea. Løypene vert vanskelegere og vanskelegere etter kvart som ein klatrar, og høgda aukar. Men det er alltid moglegheit for å koma ned på bakken att. Brimiskogen ligg idyllisk til i ein gamal furuskog omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu. Aktiviteten passer for alle, både for store og for små!
På kvelden er det lang middag hjå Arne Brimi på hans restaurant Vianvang. Vianvang er draumen som Arne har realisert i Brimiland. På Vianvang vert det mykje god mat, der smaken står i høgsetet. Ingen går frå Vianvang svolten, men vil likevel vera svolten på meir av rike opplevingar, og det å ha lært noko også her om kvelden.
Vi kjøyrer minibuss tur/retur Fjellstugu, men litt lyt ein gå for å koma heilt opp til Vianvang. Morgonen etter serverar vi ein lang og god frokost før det er tid for heimreise.
10:00 Innsjekk Brimi Fjellstugu
11:00 Møte
12:30 Utelunsj i BrimiSkogen
14:00 Aktivitet i BrimiSkogen
18:00 Transport Vianvang, den som vil kan rusle bort (45 min.)
18:30 Lang kveld med Arne Brimi på Vianvang
23:30 Retur Brimi Fjellstugu
08:00 Frokost
11:00 Utsjekk og avreise
Er du glad i god mat og drikke, vinter og ski, da har vi sett saman ei pakke som passar akkurat deg.
Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.
Helgepakke med smak av gamalt sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj i BrimiSkogen
For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.
Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.
×