Fjellheimen er på sitt aller vakraste og mest fargesprakande om hausten. Vi er her, og vi vil gjerne ta deg med på eventyr med alt vi og naturen kan by på. Storslått fjelltur til steinbua med herleg bålmat, toppa med heilaften hos Arne Brimi på Vianvang.
Eit helgeopphald i Brimiland byrjar på Brimi Fjellstugu. På fredagskvelden, med fyr på peisen, for så å gå til bords til ein 4-rettars meny. Kjøkenet her legg vekt på det velsmakande, stuttfrakta, det heimelaga slik det er naturleg i Brimiland. Etter ei lang og velfortjent økt ved matbordet, dessert, kaffe og ein god prat, byr Brimi Fjellstugu på overnatting i gode senger for ei god natts sømn i høgfjellet.
Laurdag er det ”mårgåvel”, frokost, med heimelaga bakverk frå vårt eige bakeri, og mykje anna velsmakande. Etter det møtes vi ute i tunet på Fjellstugun. Her står kjentmann og vert Vegard Brimi klar med turstokken sin. Vegard er ein kunnskapsrik og morosam kar, så turen vil verta prega av det. Det vert fleire lærerike stopp undervegs til steinbua. Steinbua ligg 400 meter høgare over havet enn Fjellstugu, så ein vert lite grann sveitt på ryggen, men premien er ei fantastisk utsikt mot Tesse og Rondane. På steinbua, her i det finaste fjellet, her serverar vi ein 3-rettars lunsj over bålet. Det vert servert og fortald ei god historie eller to, saman med verdas beste bålkaffe.
Du kan finna kvile i lyngen etter lunsj, gå litt lengre inn i fjellheimen, eller gå ned til Fjellstugu og finna deg vel til rette i solveggen. Før neste del av denne hausthelga byrjar; – det er ein lang middag hjå Arne Brimi på hans restaurant Vianvang. Vianvang er draumen som Arne har realisert i Brimiland. På Vianvang vert det mykje god mat, der smaken står i høgsetet. Ingen går frå Vianvang svolten, men vil likevel vera svolten på meir av rike opplevingar, og det å ha lært noko også her om kvelden.
Vi kjøyrer minibuss tur/retur Fjellstugu, men litt lyt ein gå for å komaheilt opp til Vianvang. Sundag morgon serverar vi ein lang og god frokost før det er tid for heimreise .
18:00 Ankomst og innsjekk
19:30 4-retters middag på Brimi Fjellstugu 22:00 Peiskos
08:00 Frokost
10:30 Avmars til Steinbua
13:30 Utelunsj på Steinbua
18:30 Vianvang – en lang og klassisk kveld med Arne Brimi
08:00 Frokost
11:00 Utsjekk og avreise
Er du glad i god mat og drikke, vinter og ski, da har vi sett saman ei pakke som passar akkurat deg.
Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.
Helgepakke med smak av gamalt sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj i BrimiSkogen
For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.
Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.
×