Velkomen til fjelleventyret på Brimiland. Ei helg spekka med gode måltid, flotte opplevingar, herleg kvile og triveleg samvær – samt minnerik middag i selskap med Arne Brimi på restaurant Vianvang.
Eit helgeopphald i Brimiland byrjar alltid på Brimi Fjellstugu. På fredagskvelden, med fyr på peisen, for så å gå til bords til ein 7-rettars meny med smakar frå fjell og vilt. Kjøkenet legg vekt på det velsmakande, stuttfrakta og det heimelaga slik det er naturleg i Brimiland. Etter ei lang og triveleg økt ved matbordet med dessert, kaffe og ein god prat, byr Brimi Fjellstugu på overnatting i gode senger for ei god natts sømn i frisk fjelluft.
Laurdag er det ”mårgåvel” – frukost med heimelaga bakverk frå eige bakeri, heimelaga syltetøy og anna tradisjonsrik frokostmat.
Etter dette møtest vi i Brimiskogen klatrepark. Der kan den som vil bli utfordra på balanse, styrke og koordinasjon på ein leikande måte. Brimiskogen klatrepark har fem løyper, og dei heng oppe i trea. Løypene vert vanskelegere og vanskelegere etter kvart som ein klatrar, og høgda aukar. Men det er alltid moglegheit for å koma ned på bakken att. Brimiskogen ligg idyllisk til i ein gamal furuskog omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu. Aktiviteten passer for alle, både for store og for små!
Til lunsj samlast vi ved bålplassen i BrimiSkogen. Her har det etter kvart vorte bygd eit avansert utekjøkken der vi serverar ein lunsj med fleire rettar. Arne Brimi kjem sjølvsagt også til lunsj saman med Vegard Brimi, så då kjem det nok både jakthistoriar, venskaplege sleivspark og historiar frå «Gutta på tur».
Alle rettane er laga over open varme. Råvarene er særs gode, utvalgde, for å få smakane frå naturen, i naturen, der kjøkensjefen har eit bål som sin beste medhjelpar. Måltidet blir avslutta med ekte bålkaffe.
Laurdag kveld er det lang middag hjå Arne Brimi på hans restaurant Vianvang. Vianvang er draumen som Arne har realisert i Brimiland. På Vianvang vert det mykje god mat, der smaken står i høgsetet. Ingen går frå Vianvang svolten, men vil likevel vera svolten på meir av rike opplevingar, og det å ha lært noko også her om kvelden.
Kvelden blir innleia med eit lite vinkurs saman med Even, Arne sin son og somelier. Her tar vi et lite dykk i vinkjelleren på Vianvang og Even forteller hva som gjør kjelleren så spesiell, og om hvordan han jobber med vin oppmot maten og vinemnyene.
Overaskelser ute ved bålet, smaker fra Jotunheimen
17:00 Innsjekk Brimi Fjellstugu
19:30 7-rettars middag Brimi Fjellstugu
22:00 Peiskos
08:00 Frokost
10:30 Brimiskogen, klatring i trea om du vil…
10:30 Brimi Sæter, her kan du oppleve ekte sæterkultur, smake på ostane, høyre om historia frå sætra saman med eit glas vin.
13:00 Utematkurs og bållunsj med Arne Brimi i BrimiSkogen
15:00 Dusj og kvile
17:00 Transport til Vianvang, den som vil kan rusle bort (45 min.)
17:30 Vinkurs med Vianvang sin sommelier, Even Brimi
18:30 Lang kveld med Arne Brimi på legendariske Vianvang
23:30 Retur Brimi Fjellstugu
08:00 Frokost
11:00 Utsjekk og avreise
Vi kjøyrer minibuss tur/retur Fjellstugu, men litt lyt ein gå for å koma heilt opp til Vianvang.
Søndag morgon serverar vi ein lang og lat frokost før det er tid for heimreise.
Er du glad i god mat og drikke, vinter og ski, da har vi sett saman ei pakke som passar akkurat deg.
Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.
Jotunheimen er på sitt aller vakraste om hausten. Vi vil gjerne ta deg med som gjest på ein storslått fjelltur til steinbua vår, med sprakanda haustfarger, måltid tilberedt over bålglør og mjuk landing hos Arne Brimi på Vianvang!
For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.
Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.
×