På matkurs med Arne Brimi får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, – og ikkje minst eta til du er mett på vidgjetne restaurant Vianvang.
Eit matkurs i Brimiland startar torsdag kveld på Brimi Fjellstugu med kveldsmat og orientering ved Arne og Vegard.
Fredagen startar med frukost før du ruslar (45 minutt) eller vert køyrde til Vianvang, Arne Brimi sin draum og restaurant. Her vert det matkurs, temaet er «Gastronomi i Jotunheimen». På matkurset vert du inspirert og lærar meir om «den gode og opphavlege smaken». Utgangspunktet er gode råvarer. Her ser du korleis rettene vert laga til, du lærer og du kan stille Arne og dei andre kokkane spurnader undervegs.
Attande på Brimi Fjellstugu fredag ettermiddag kan du ta eit gladast vin ved peisen, gå ein liten fjelltur eller slappe av litt i ei god seng. Fredag kveld er det ein god 4-rettars meny på Brimi Fjellstugu.
Laurdag er det fyrst frukost og ein liten rusletur ut i Brimiskogen. Her får du høve til å vore i aktivitet og utfordre deg sjølv før lunsj.
Til lunsj møter du Arne att, ute i Brimiskogen. Her vert det meir matprat og mange gode lunsjretter laga til på ein av våre mange ildstader ute i skogen. Laurdagen vert avslutta med ein festkveld på Vianvang.
Sundag er det ein lang og god frukost før ein vender heim, inspirert og rik på opplevingar.
19:30 Kveldsmat
21:30 Samling i peisestugu, orientering ved Arne og Vegard
08:00 Frokost
10:00 Oppstart matkurs på Vianvang, matkurs hele dagen
20:00 Meny Brimi Fjellstugu
22:00 Peiskos
08:00 Frokost
10:30 Enkel fjelltur med Vegard
13:00 Utelunsj i Brimiskogen med Arne & co
14:30 Anledning til å prøve seg i Brimiskogen
18:30 Vianvang – en lang og klassisk kveld med Arne Brimi
08:00 Frokost
11:00 Utsjekk og avreise
Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.
Jotunheimen er på sitt aller vakraste om hausten. Vi vil gjerne ta deg med som gjest på ein storslått fjelltur til steinbua vår, med sprakanda haustfarger, måltid tilberedt over bålglør og mjuk landing hos Arne Brimi på Vianvang!
På eit matkurs med Arne Brimi og Lars Lian får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, – og ikkje minst eta til du er mett. På dette kurset har Arne invitert med seg den gode venen sin Lars Lian.
For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.
Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.
×