Helgepakke med smak av gamalt sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj i BrimiSkogen
På desse unike helgene til fjells får du sjølv bestemme om du ynskjer å bu på Brimi Sæter eller på Brimi fjellstugu som ligg eit steinkast frå kvarandre. Etter innlosjering og ei triveleg stund framfor peisen eller på låven med noko godt i glaset, ruslar vi over setervollen og bort til naboen (anten Brimi Sæter eller Brimi Fjellstugu – alt ettersom kvar du bur) for ein flott kveld i triveleg lag.
Laurdag blir det lang frukost før turen går utomhus. Kjentmann rusler og viser veg på ein liten fjelltur som endar opp i BrimiSkogen. Her blir det servert ein 3-retters utelunsj tillaga på bålet, og servert samen med eit knippe gode skrøner frå fjern og nær.
Kvelden nyt vi heime sjå oss sjølve, med god mat og drikke med tilhøyrande historie. På sundag ventar ein ekstra lang sundagsfrukost før utsjekk og avreise.
«Skråpå-tå» meny på Brimi Sæter
Brimi Sæter byr på ein kveld med unik historieformidling og 4-retters «Skråpå-tå» meny oppe på låven. På heimsmidde bordgrillar blir eigenprodusert ost smelta saman med mange gode smakar frå eigne husdyr. Ei spesiell og stemningsfull oppleving rundt langbordet på låven.
Tradisjonell fjellstugu-meny på Brimi Fjellstugu
På Brimi Fjellstugu er det fyr i peisen og panorama utsikt over fjellheimen. Historia kring staden får du servert som «fyrste» rett, etterfulgt av 4-retters tradisjonell fjellstugu-meny med smakar frå fjellet. Reinsdyrfilèt og ørret som hovudsete.
Fredag
17:00 Innlosjering og høve til å kjøpe seg noko godt i glaset
19:00 Vi rusler eit steinkast over setervollen
19:30 4-retters meny sjå naboen
Laurdag
08:00 Frukost
10:30 Tur med kjentmann til BrimiSkogen og aktivitet i klatreparken for den som ynskjer.
13:00 3-retters bållunsj i BrimiSkogen
For sæter-gjestar:
19:00 4-retters «Skråpå-tå meny»
For fjellstugu-gjestar:
19:30 4-retters meny på Brimi Fjellstugu
Sundag
08:00 Frukost
11:00 Utsjekk og avreise
Er du glad i god mat og drikke, vinter og ski, da har vi sett saman ei pakke som passar akkurat deg.
Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.
Jotunheimen er på sitt aller vakraste om hausten. Vi vil gjerne ta deg med som gjest på ein storslått fjelltur til steinbua vår, med sprakanda haustfarger, måltid tilberedt over bålglør og mjuk landing hos Arne Brimi på Vianvang!
For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.
Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.
×