Er du glad i god mat og drikke, vinter og ski, da har vi sett saman ei pakke som passar akkurat deg.
Med frisk fjelluft, vidt utsyn, god heimelaga mat og mjuke senger ynskjer vi velkomne til fjells og Brimi Fjellstugu. Opplev Brimiland med vinterdrakta på, 880 moh i nordenden av Tessevatnet i Lom kommune. Jotunheimen sine stolte toppar lokkar som naboar i vest, og lovar fjellglede og opplevingar du seint vil gløyme!
Ankomst fredag:
Fredagskvelden tek vi imot deg med eit kveldsbord dekt til randen av gode lokale smakar av både fisk og vilt. Alt er sjølvsagt heimelaga. Vi kallar det kveldsmat, men andre ville nok heller brukt uttrykket festbord! Med peisen sprakande i bakgrunnen ynskjer vi god helg. Når magene er gode og mette, samlar vi flokken og tek ein prat om helga og turen over ein kopp varm glühwein. Morgondagens turguide helsar på!
Laurdag:
Etter frokost og nistesmøring, pakker vi bilane og stikk til nabofjella som skiltar med dei høgaste toppane. Dette blir ein skitur fortrinnsvis på randoneéski. Turen går dit føret er best og forhalda trygge! Vi lovar lokalkjent guide, flott utsikt om været tillet og ein tur som passar moderat trena folk. Målet er sjølvsagt ein eller fleire av toppane over 2000 meter som lokkar på oss! Tempoet blir tilpassa gruppa, med formidling av lokalkunnskap i høgsetet. Utstyr kan du enkelt leie hjå oss!
Dette passar alle som er turglade og likar høgfjellet! Dette er ikkje ein nybyrjartur, så noko erfaring kjem godt med. Kom og nyt Jotunheimen saman med vener, kjærasten eller gode kollegaer!
Vel heime frå tur, legg vi opp til litt avslapping på rommet før du til kvelds kan rusle ned i restauranten der middagen ventar framfor peisen. Ein 4-rettars meny, tufta på gode råvarer – gjerne lokale. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Med slitne lår og heite kinn kan du nyte god heimelaga mat, kanskje saman med ei passande vinpakke, eller noko anna godt i glaset!
Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.
Jotunheimen er på sitt aller vakraste om hausten. Vi vil gjerne ta deg med som gjest på ein storslått fjelltur til steinbua vår, med sprakanda haustfarger, måltid tilberedt over bålglør og mjuk landing hos Arne Brimi på Vianvang!
På eit matkurs med Arne Brimi og Lars Lian får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, – og ikkje minst eta til du er mett. På dette kurset har Arne invitert med seg den gode venen sin Lars Lian.
For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.
Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.
×