Fjellet er på sitt vakraste om hausten. Vi er her, og vi vil gjerne ta deg med som gjest på ein fin fjelltur nettopp på den årstida.
Eit opphald i Brimiland byrjar på Brimi Fjellstugu på onsdagskvelden. Med fyr på peisen, går dykk til bords til ein 4-rettars meny. Kjøkenet legg vekt på gode smakar og stuttreist mat, og alt er sjølvsagt laga frå botnen av, slik det er naturleg her i Brimiland. Etter ei lang og velfortjent økt ved matbordet etterfulgt av dessert og kaffe, byr Brimi Fjellstugu på overnatting i gode senger for ei god natts søvn i høgfjellet.
Torsdag er det ”mårgåvæL”, med heimelaga bakverk frå vårt eige bakeri, og mykje anna velsmakande på frukostbordet. Etter frukost står kjentmann og vert, Vegard Brimi, klar med turstokken på tunet for å lose dykk oppover lia i rettning Steinbua. Vegard er ein kunnskapsrik og morosam kar, med eit breit utval av historiar. Undervegs blir det fleire stopp der Vegard vil dele kunnskapen sin. Steinbua ligg 400 meter høgare over havet enn Fjellstugu, så ein kan fort bli litt svett ryggen, men premien er ei fantastisk utsikt mot Tesse og Rondane. På Steinbua serverar vi ein 3-rettars lunsj over bålet. Det vert servert og fortald ei god historie eller to, saman med verdas beste bålkaffe.
Etter lunsj kan du finne kvile i lyngen, gå litt lengre inn i fjellheimen, eller gå ned til Fjellstugu, før neste del av denne hausthelga byrjar; – det er ein lang middag hjå Arne Brimi på hans restaurant Vianvang. Vianvang er draumen som Arne har realisert i Brimiland. På Vianvang vert det mykje god mat, der smaken står i høgsetet. Ingen går frå Vianvang svolten, men vil likevel vera svolten på meir av rike opplevingar, og det å ha lært noko også her om kvelden.
Vi kjøyrer minibuss tur/retur Fjellstugu, men litt lyt ein gå for å koma heilt opp til Vianvang. Fredag morgon serverar vi ein lang og god frukost før det er tid for heimreise .
18:00 Ankomst og innsjekk
19:30 4-retters middag på Brimi Fjellstugu 22:00 Peiskos
08:00 Frokost
10:30 Avmars til Steinbua
13:30 Utelunsj på Steinbua
16:00 Fjellspa for den tøffe
18:30 Vianvang – en lang og klassisk kveld med Arne Brimi
08:00 Frokost
11:00 Utsjekk og avreise
Ein annarlunde firmatur som legg vekt på smaksopplevingar med sin mat samt naturopplevingar. Gode stunder for gode møter, for små og store verksemder.
På eit matkurs med Arne Brimi og Lars Lian får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, – og ikkje minst eta til du er mett. På dette kurset har Arne invitert med seg den gode venen sin Lars Lian.
På eit matkurs med Arne Brimi får du vera med og sjå korleis rettane vert laga, læra om råvarane, lage gode rettar, – og ikkje minst eta til du er mett.
For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.
Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.
×